SMARTere teknologi er eit undervisingopplegg for 6. trinn, der elevane skal bruka kreativitet og kunnskap til å løysa reelle problemstillingar i samfunnet. Teknologi er middelet, men målet er gode og berekraftige samfunn å leva i. Elevane får ei problemstilling frå arbeids- og næringsliv der målet er å finne gode, berekraftige og kreative løysingar for framtida. Kanskje vil ikkje løysinga vera mogleg å gjennomføra i dag, men om 50 år.

Problemstillinga elevane frå Kvinnherad har jobba med er:
Folgefonnsenteret drøymer om ein installasjon på kaien i Rosendal som kan vekka nysgjerrigheita til born og unge.
Skap ein installasjon eller attraksjon som kan inspirera barn og unge til å læra meir om klima, hav og berekraft via utstillinga til Folgefonnsenteret.

Vinnarane vart Omvikedalen skule med Elias E. Myklebust, Sondre Bjelland Skeie, Tuva Lund, Malene Hillesdal Heggland (ville ikkje vera med på bilete) og lærar Benedichte Indergård Sandvik. 

Vi gratulerer!

Her kan du lesa mein om SMARtere teknologi