Om barnehagen

Omvikdalen barnehage er ein 3 avdelingsbarnehage fordelt på ein småbarnsavdeling og 2 avdelingar med 2 - 6 åringar. Barnehagen har ein kapasitet på ca. 60 plassar kvart år.

Barnehagen vår ligg nær skulen, midt i bygda. Barnehagen har eit fint nærområde, med god tilgang på varierte turar og innhaldsrike opplevingar rett utanfor døra. 

Visjonen vår er "saman byggjer vi gode relasjonar gjennom, leik, omsorg og undring". Vi ynskjer at dagane i Omvikdalen barnehage skal vera eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, trivsel og glede i leik og læring. Vi legg vekt på eit godt samarbeid og forståing med heimen.

Barna skal få oppleva trygge og gode barnehagedagar der det er rom for å danna vennskap og skapa gode relasjonar. Barna skal utfalda seg, utforska nye område, vera skapande, undrande og få gode og nære naturopplevingar. 

Barnehagen arbeidar med kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, der måler er at alle barn og unge skal oppleva eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehagen. Etter ynskje frå føresette er og tur og uteliv ei satsing. Vi har tilgang på humlehage, ulike gardsbesøk, gapahuk og lavvo i nærområdet vårt.

Opningstid 06.45 - 16.30