Skatteliste til offentleg ettersyn 2022
Skatteliste offentleg ettersyn formuesgrunnlag
Skatteliste offentleg ettersyn fritak
Skatteliste offentleg ettersyn kommunal takst
Skattelista er også tilgjengeleg ved førespurnad i resepsjonen på rådhuset.
Bakgrunn
Utskriving av eigedomsskatt i Kvinnherad kommune for 2022 vart vedteke av Kommunestyret i møte den 02.12.2021.
Eigedomsskatt vert fastsett på bakgrunn av eigedomsskattetakst. For bustader skal det nyttast formuesgrunnlag frå Skatteetaten. Eit formuesgrunnlag er rekna ut på grunnlag av byggets p-rom areal, byggjeår, samt plassering lokalt og regionalt. Meir om formuesgrunnlag finn du HER.
Eigedomar utan formuesgrunnlag (fritidsbustadar, våningshus, næring, naust, tomter), vert taksert av kommunen via såkalla sjablongtaksering. Ved sjablongtaksering vurderer tilsette takstmenn eigedomens verdi i samsvar med vedtekne rammer og retningsliner. Dette skal gje ei objektiv verdivurdering av eigedomane, der målsettinga er at taksten skal vere i samsvar med eigedomens reelle marknadsverdi.
Før utskriving av skatten blir taksten for bustadar og fritidsbustadar redusert med 30%, som er den obligatoriske reduksjonsfaktoren for 2022.
Kommunale takstar som vert nytta ved utskrivinga i 2022 er takstane som vart fastsett i 2010.
Obs. Eigedomsskatt under kr. 300,- vert ikkje fakturert.
Skatteliste offentleg ettersyn formuesgrunnlag
Skatteliste offentleg ettersyn fritak
Skatteliste offentleg ettersyn kommunal takst
Skattelista er også tilgjengeleg ved førespurnad i resepsjonen på rådhuset.