Kontakt

Tlf. 53 48 78 01

Rektor
Hildegunn Nepstad
Tlf. 924 85 309 / 53 48 78 01

Adresse
Ølvesvegen 461
5637 Ølve

Heimeside: http://www.minskole.no/olve

Om skulen

Ølve Montessoriskule er ein privatskule, 1.-7. klasse, som ligg i den vesle bygda Ølve i Kvinnherad kommune. Skulen vart starta i 2013, då Ølve skule vart lagt ned. Skulen har i skuleåret 2017/2018 31 elevar, fordelt på to grupper, og 8 tilsette. Elevane kjem i hovudsak frå bygda, men me har òg nokre elevar frå andre kommunar. Me er ein heildagsskule utan lekser, og driv etter montessoripedagogikken, uvikla av Maria Montessori.

Det kostar ingenting å vera elev hjå oss,men ein betalar 1230 kr per halvår for lunsj, frukt og mjølk.

Du kan lesa meir om skuledagen og pedagogikken vår på heimesida. Ta kontakt dersom det er ting du lurar på, eller vil koma på besøk!