Kva er formuesgrunnlag?

Formuesgrunnlaget er Skatteetaten si verdivurdering av ein bustad. Den er rekna ut med hjelp av objektive faktorar som geografisk plassering, bustadtype (einebustad, leilegheit osb.), byggjeår og P-rom. Kort fortalt er den altså rekna ut av den gjennomsnittlege kvadratmeterprisen på bustader av same type i same område som din bustad, multiplisert med storleiken på bustaden. For eigedomsskatt vert det ikkje teke omsyn til om bustaden er primærbustad eller sekundærbustad. Kommunen har ikkje heimel til å endre eit formuesgrunnlag. Klage for endring må gjerast via Skatteetaten tlf. 800 80 000 eller sjølvmeldinga di. Dersom du får innvilga klage frå Skatteetaten vert kommunen informert og endrar ditt skattegebyr.

Kvifor endrar grunnlaget seg frå år til år?

Skatteetaten justerer kvart år formuesgrunnlaget i samsvar med konsumprisindeksen for bustader. Kommunale takstar gjeld i ti år om gongen, men kan kontorjusterast når ti år har gått i påvente av ny kommunal taksering. Dersom det har vore endringar på eigedomen som for eksempel nye bygg eller tilbygg på eksisterande bygg, vil den kommunale taksten oppdaterast i samsvar med endringa som er gjort.

Kven avgjer promillesatsen og kor mykje som skal betalast i eigedomsskatt?

Kvart år vert promillesatsen for det kommande året bestemt i Kvinnherad kommunestyre. Det er også kommunestyret som avgjer om det skal innførast botnfrådrag og om kommunen skal bruka Skatteetaten sitt formuesgrunnlag eller eigne kommunale takstar for eigedomsskatt. I Kvinnherad kommune er den generelle promillesatsen på 7 promille etter Esktl. § 11. Denne promillesatsen gjeld for næring, samt naust/garasje/lager/verkstad på eige gnr/bnr. For bustader, fritidsbustader og våningshus er det vedteke differensiert skattesats 1,7 etter § 12a. Tomter har vedteke differensiert skattesats på 1,7 promille etter § 12b.

Kor ofte kjem det faktura for eigedomsskatten?

Eigedomsskatten fakturerast saman med dei kommunale avgiftene. For dei fleste eigedomar vert faktura sendt ut fire gongar i året.

Kva har takstmannen lagt til grunn for takseringa (ved kommunal taksering)?

Indre og ytre forhold vert vurdert for eigedomen. Eigedomens plassering, tilstand og alder, samt byggjeår og storleik på tomt og bustad. Ved kommunal takst er det eigedomen sitt bruksareal som er utgangspunktet for taksten. Les meir om dei ulike sjablongane i dokumentet «rammer og retningsliner» for Kvinnherad Kommune. Utgangspunktet for dei ulike sjablongfaktorane er gjort for å best mogeleg spegla eigedomen sin omsetningsverdi i marknaden. All synfaringa vert gjort utvendig.

Bygningen har store skader som takstmannen ikkje kjenner til, vil det påverka taksten (for kommunal takst)?

Ja. Send inn ei klage med skriftleg dokumentasjon der du utgreier skadane. Legg gjerne ved foto og skadetakst dersom dette føreligg.

Taksten er for høg, kva gjer eg?

Ved formuesgrunnlag, sjå under informasjon «Klage ved formuesgrunnlag frå Skatteetaten». Ved kommunal takst kan ein klage til kommunen. Ver klar over at i verste fall kan ei klage ende med høgare takst dersom klagenemnda meiner taksten er satt for lavt.

Bustaden/Fritidsbustaden har ikkje innlagt vatn eller elektrisitet

Om du meiner taksten er for høg og du mistenker at takstmannen ikkje har vore klar over at bygningen ikkje har innlagt vatn eller elektrisitet, kan det klagast. Ved ei utvendig synfaring er det ikkje alltid like lett å sjå om ein bygning manglar vatn eller elektrisitet.

Eg har festa ei tomt, kvifor skal ikkje grunneigar betala eigedomsskatten?

Juridisk er grunneigar ansvarleg for eigedomsskatt for tomt, medan festar er ansvarleg for eigedomsskatt for bygnader på tomta. Ved langsiktige festeavtalar tek du på deg alle rettigheiter og ansvar som grunneigar vanlegvis har. Dette gjeld også eigedomsskatten. Om grunneigar og festar er usamde om kven som skal betala eigedomsskatten, må ein sjå gjennom festekontrakten. Reglar for festeavtalar finn vi i tomtefestelova. Kommunen har ingen myndigheit når det gjeld tomtefestelova, så ein eventuell tvist må løysast mellom partane privat. Eigedomsskatten skal uansett betalast til forfallsdato i samsvar med faktura.

Eg har klaga på eigedomsskatten, må eg framleis betala eigedomsskatten?

Ja, skatten må betalast. Dersom klagen går i ditt favør, vil eit ev. overstigande beløp refunderast.

Det er store og uforklarlege ulikheiter mellom taksten på elles like bustader. Kvifor?

Dette kan skyldast fleire forhold.

-Den eine bustaden har formuesgrunnlag frå Skatteetaten, den andre har ikkje formuesgrunnlag frå Skatteetaten og har derfor kommunal sjablongtakst. Sidan formuesgrunnlaget frå Skatteetaten og sjablongtaksten frå kommunen vert satt med utgangspunkt i ulike faktorar, kan eigedomsskattegrunnlaga skilje seg ut i eine eller andre retninga for to elles like bustader.

-Faktaopplysningar kan vera feil i grunnlaget for den eine eller begge bustadane. Dersom begge bustadane har formuesgrunnlag, sjå under fanen «Klage ved formuesgrunnlag frå Skatteetaten» og kontroller at Skatteetaten har dei rette opplysningane om din bustad. Det er ditt eige ansvar at formuesverdien i skattemeldinga er korrekt.

Kva eigedomar får fritak frå eigedomsskatt?

Eigedomar som får fritak frå eigedomsskatt er regulert av eigedomsskattelova §5 og §7. Meiner du at ein eigedom skal ha fritak etter eigedomsskattelova og ikkje har fått dette, kan ein søka om det til kommunen.

Eg har fått eigedomsskatt for eit bygg som skal rivast/er rive eller brent. Kva gjer eg?

Ta kontakt med eigedomsskattekontoret om tilhøva. I Kvinnherad kommune sendes det ut faktura for eigedomskatt fire terminar i året. Eigedomsskatt for bygget vil bli fjerna frå den kommande terminen. For eksempel, eit hus brann ned 8. juli, som er i termin 3. Her vil eigedomsskatten for bygget måtte betalast ut termin 3, men vil falle frå med verknad frå 1. oktober som er startdato på termin 4.

Er likningsverdi det same som eigedomsskattegrunnlag?

Nei, for formuesgrunnlag er likningsverdien i skattemeldinga for primærbustad 25% av bustadens reelle omsetningsverdi. Altså 25% av bustadens formuesgrunnlag. Ved sjablongtakst frå kommunen har den kommunale taksten og likningsverdi ingen samanheng.

Kan eg få utført eigen takst og krevje at den heller skal brukast?

Ved formuesgrunnlag, sjå fane «Klage ved formuesgrunnlag frå Skatteetaten», ved kommunal sjablongtakst er svaret nei. Når kommunen, gjennom sakkunnig nemnd har sett ei takst, vert dette gjort med omsyn til at eigedomane skal likebehandlast. Når ein meklar eller privat takstmann sett ein takst vert dette gjort utan at det vert tatt omsyn til dei ulike faktorane i ein sjablongtakst. Meklaren står såleis friare til å setja ein takst som også i mange tilfelle tar for seg eigedomen sitt potensiale og ikkje objektive tilstand.

Korleis kan eg klage på eigedomsskatten?

Sjå på Kvinnherad Kommune si heimeside om eigedomsskatt under avsnitta «Klagefrist på eigedomsskatt», «Klage ved formuesgrunnlag frå Skatteetaten», «Klage ved sjablongtakst frå kommunen» og «Klageprosessen».

Kvifor er min eigedomsskatt høgare enn i fjor?

Eitt av fire alternativ:

Din eigedom har fått ny kommunal takst.

Din eigedom har fått ein auke i formuesgrunnlag frå i fjor.

Din eigedom er ei tomt. Tomter skal skrivast ut med 100% skattenivå og ikkje 70% skattenivå. Tidlegare år har du fått utskriven eigedomsskatt etter 70% skattenivå på tomta di. Dette er ein feil som har gjort at du tidlegare år faktisk har betalt for lite i eigedomsskatt. Det vil ikkje bli sendt ut krav på for lite betalt skatt tidlegare år.

Din eigedom er eit naust/garasje/lagerbygg/verkstad på eige gnr/bnr (ikkje bustad eller fritidsbustad på eigedomen). Disse eigedomane skal skrivast ut med 100% skattenivå og ikkje 70% i skattenivå. Eigedomane skal også følgje den generelle skattesatsen etter § 11 i eigedomsskattelova, som er på 7 promille. Det er ikkje heimel for å nytte differensiert skattesats på 1,7 promille etter § 12 a,b, slik som for tomter, bustader og fritidsbustader. Tidlegare år har du fått utskriven eigedomsskatt etter 70% skattenivå og 1,7 promille. Dette er ein feil som har gjort at du tidlegare år faktisk har betalt mykje mindre i eigedomsskatt enn det du skulle ha gjort for eigedomen. Det vil ikkje bli sendt ut krav på for lite betalt skatt tidlegare år.

Korleis har taksten på min eigedom blitt bestemt?

Ved formuesgrunnlag: Taksten er bestemt av Skatteetaten. Skatteetaten tek omsyn til p-rom areal i bygget, samt byggjeår og plassering lokalt og regionalt. Skatteetaten gjennomfører ikkje synfaring av eigedomar i sin taksering. Dette inneber at taksten/formuesgrunnlaget kan vere unøyaktig. Kommunen har ikkje heimel til å endre eit formuesgrunnlag. Klage for endring må gjerast via Skatteetaten tlf. 800 80 000 eller sjølvmeldinga di. Dersom du får innvilga klage frå Skatteetaten vert kommunen informert og endrar ditt skattegebyr.

 Ved kommunal takst: Kommunale synfaringsmenn takserer eigedomane etter retningsliner i det vedteke dokumentet «Rammer og retningsliner for eigedomsskattetaksering Kvinnherad Kommune». Taksten som ligg til grunn for din eigedom vert vidare vedteke i Sakkunnig nemnd. Kommunal takst som ligg til grunn for utskrivinga i 2022 er vedteke takst frå 2010. Takstar frå takseringa som føregjekk i 2021 vert ikkje effektuert før i 2023.

Eg får ikkje opna brevet mitt i Digipost

Dette er diverre eit velkjent problem, særskilt for mobiltelefonar. Du bør forsøke å opne dokumentet via ein PC og gå inn på www.digipost.no. (evt. www.e-boks.no). Dette er eit problem hos leverandøren og ikkje med utsendinga. I nokre tilfelle kan de vurdere å sende skattesetel manuelt til vedkommande via mail.

Eit tips er også å prøve ulike nettlesarar.

Eg har seld eigedomen eg har fått skattesetel for

Dersom det er eit nyleg sal vil dette bli endra i vår database når salet/kjøpet er tinglyst og matrikkelen er oppdatert. Utsendte gebyr og avrekning av disse, må de ordne internt mellom kjøpar og seljar. 

Skattesetelen er adressert til ein død person, eg ønskjer å endre dette

Diverre skjer dette i nokre tilfelle. Oftast er årsaka at ny eigar av eigedomen ikkje er tinglyst som eigar. Dette bør (må) ev. arving gjere. Vi kan endre dette i systemet, men likevel vil feilen kunne oppstå på nytt dersom eigedomen ikkje vert tinglyst.

Vi er fleire deleigarar av eigedomen, kvifor har eg fått skattesetel? Og kvifor får eg gebyra?

Du står som eigarrepresentant for eigedomen, derfor får du skattesetel og gebyr. Kvinnherad kommune deler ikkje opp gebyr til ulike heimelshavarar på eigedomen, dette må handterast internt.

Eg er ueinig i taksten de har satt på eigedomen min! Den er alt for høg!

Då kan du klage. Ingen munnlege klager vert handsama. Du bør sende ein mail til post@kvinnherad.kommune.no med opplysning om gnr/bnr og kvifor du meiner taksten er for høg. Klagefristen er 12. april 2022. Klager motteke etter dette vert ikkje handsama. Hugs at dersom du har formuesgrunnlag, skal klage på dette rettast mot Skatteetaten tlf. 800 80 000

Eg har ny fakturaadresse

Meld inn endring i adresse til post@kvinnherad.kommune.no

Eg har ikkje motteke eigedomsskattegebyr, har eg gjort feil?

Dersom berekna skatt er under 300 kroner vil du ikkje få verken skattesetel eller eigedomsskattegebyr for 2022. Dersom berekna skatt er høgre enn 300 kr, ta kontakt med Kjersti L. Lønning for å sjå om gebyr er sendt ut (ev. om det står noko i Komtek om kvifor ikkje)

Denne eigedomen er ikkje eit naust/bustad/fritidsbustad/næring men ein bustad/fritidsbustad/næring/naust. Dette må de endre!

Dette er ein klagesak og vil ikkje bli handsama over telefon. Send klage skriftleg via post@kvinnherad.kommune.no innan 12. april 2022 dersom du ønskjer å få klagen handsama.

Korleis kan eg endre formuesgrunnlaget mitt?

Sjekk sjølvmeldinga di for opplysningar om byggjeår/areal. Ta kontakt med Skatteetaten på tlf. 800 80 000 for klage og spørsmål om kva som vert kravt for å endre ditt formuesgrunnlag

Kva er kommunal sjablongtakst?

Ved kommunal takst: kommunale synfaringsmenn takserer eigedomane etter retningsliner i det vedteke dokumentet «Rammer og retningsliner for eigedomsskattetaksering Kvinnherad Kommune». Taksten som ligg til grunn for din eigedom vert vidare vedteke i Sakkunnig nemnd. Kommunal takst som ligg til grunn for utskrivinga i 2022 er vedteke takst frå 2010. Takstar frå takseringa som føregjekk i 2021 vert ikkje effektuert før i 2023.