I samsvar med §§ 12-8 og 12-14 i plan- og bygningslova vil me på vegner av Kvinnherad
Feltutvikling AS varsle om utviding av planområdet for den tidlegare varsla detaljreguleringa for Korggardsvika.

Det blei varsla oppstart av detaljregulering for Korggardsvika med brev datert 18.06.2021. Bakgrunnen for å utvide planområdet, er at Kvinnherad kommune har komme med ynskje om at ein gjennom denne detaljreguleringa også får lagt til rette for ei utbetring av krysset mellom dei interne vegane på Bogsnes. Rundkøyring er vurdert som det mest aktuelle alternativet, for å få samla dei fem vegarmane på ein god måte, med vekt på god tilgjenge og trafikksikkerheit.

Dette varselet er sendt ut til alle grunneigarar på Bogsnes, som me vurderer å verte direkte råka av utvidinga. Statsforvaltaren i Vestland og Vestland Fylkeskommune får også varsel om utvidinga. Nytt varsel vert lagt ut på Kvinnherad kommune si nettside.

Føremålet med planarbeidet er det same som tidlegare varsla, å leggje til rette for næring, bustadar og naustføremål i Korggardsvika, men ein vil nå i tillegg sjå på kryssutforming på den kommunale vegen.

Ei utbetring av krysset vil medføre noko inngrep i område avsett til LNF-føremål i gjeldande kommuneplan, men arealbeslaget er vurdert å vera lite og ikkje av eit omfang som utløyser krav til konsekvensutgreiing (KU). Arealet er skogkledd og ikkje i bruk til dyrka mark.

For nærmare informasjon kan du kontakte Omega Areal AS på telefon 97 54 00 00.


Eventuelle merknadar/innspel til dette kan sendast til Omega Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post areal@omega.no innan 30.06.2022.


Etter meldingsfristens utløp vert sjølve planforslaget utarbeidd og sendt inn til kommunen. Etter 1. gangs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med eventuelle merknadar og innspel til planforslaget før endeleg handsaming av planen.


Venleg helsing,
Kjerstina Særsten
areal@omega.no
47 63 98 47
Omega Areal AS

 

Varslingskart - utvida planområde Korgardsvika

Varsel - offentlege organ, organisajonar/lag og andre interesserte