Det nye ungdomsrådet fekk torsdag denne veka opplæring i korleis kommunen er bygd opp som organisasjon, og korleis det politiske systemet er bygd opp. Ungdomsrådet er ungdommen sitt talerøyr og stemma inn mot politikarane våre. Me er stolte over dei engasjerte ungdommane våre!

På bilete frå venstre: ordførar Hilde Enstad, Elisabeth B. Boge, Tord Sverresson Hatteberg, Solfrid Bleie Ulvestadbakken, Mari Svendsen, Abdisalam Z. Mohammed, Roar Vincent Aalvik, Peter Nesheim, Nikolai Sjøvangen og kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik.

Ikkje til stades: Solfinn Kolle, Maria Ø. Emmerhoff, Teo Lygre, Ida S. Jacobsen og Linnea Eliassen.