Kvinnherad kommune nyttar Telltur-systemet for turregistrering også i 2020. Sjå telltur.no. Alle innbyggjarane våre oppmodast til å halde seg fysisk aktive – også utandørs, og til å besøkje eit eller fleire av dei 14 turmåla som er sett opp i år.

Vi håpar du finn eit eller fleire turmål som passar deg – du finn all informasjon om dette på telltur.no. Klikk deg fram til Friluftsrådet Vest – som Kvinnherad kommune tilhøyrer. Telltur-registreringa varer frå 1. april til 1. november.

Koronainformasjon:
No i koronatida ber vi deg spesielt ta omsyn til dei råda myndighetene gjer knytt til ferdsel ute, mellom anna:

  • Ikkje fleir enn 5 i følgje (gjeld ikkje dei som er i familie eller same husstand)
  • Unngå trengsel på parkeringsplassar. Ta deg tid – eller vél eit anna turmål om det er fullt på parkeringa
  • 2 meters avstand mellom turgåarar– både i løypa, på rasteplassar og ved turmål (gjeld ikkje familiar eller frå same husstand)
  • Nokre stader er det sett ut trimkassar og bøker på turmåla. Vi ber dykk om å IKKJE nytta desse, då det kan medføre ein risiko for spreiing av koronavirus.
  • Bruk appen «Norgeskart friluftsliv» for Telltur-registrering. I år er appen gratis. Besøket ditt registrerast elektronisk når du nærmar deg posten. Sjå meir om oppretting av brukar og bruk av appen her: https://www.telltur.no/omtelltur

Premiering:
Kvinnherad kommune vil premiere innbyggjarane som registrerer turane sine i telltur etter følgjande klasseinndeling:

  • Klasse 1: 0-13 år: Eigen premiering (besøkt minimum 3 ulike turmål, eller sanka minimum 10 poeng totalt i Kvinnherad kommune)
  • Klasse 2: Tilfeldig trekking mellom alle som har besøkt minimum 5 ulike turmål, eller sanka minimum 15 poeng totalt i Kvinnherad kommune
  • Klasse 3: Trekking blant dei med meir enn 50 besøk på turmål i Kvinnherad kommune, eller som har besøkt alle dei 14 ulike turmåla i Kvinnherad kommune

Kvart enkelt besøk på turmål tel 1 poeng i kommunekonkurransen, enten turmålet er høgt til fjells eller i låglandet. Det er ikkje lengda eller høgda som tel! Det kan hende at det dukkar opp ei premie-overrasking undervegs i Telltur-sesongen – som varer frå 1. april til 1. november 2020.

I tillegg kan ein delta i Friluftsrådet Vest sin regionale Telltur-konkurranse, der ein kan vinne flotte premiar. Sjå eigen informasjon på https://www.telltur.no/friluftsrad/vest/kvinnherad

Hugs:
Vi ønskjer alle riktig god tur, og minner om at all ferdsel skjer på eige ansvar. Ta omsyn til vêr og føre, parkér med måte, vél tur etter evne og nyt kommunen og friluftslivet!

Arrangør:
Telltur i Kvinnherad er eit samarbeid mellom Friluftsrådet Vest, Kvinnherad turlag og Kvinnherad kommune.

Pressemelding frå Friluftsrådet Vest.