Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) er skogretta midlar som vert brukt til skogkultur, planting, rydding, tynning, skogvegar og drift i vanskeleg terreng. Tilskota skal stimulere til auka verdiskaping, berekraftig utnytting av skogressursane og ta vare på og utvikle miljøverdiar i skogen. Kommunane tildeler midlar til planting og tynning, medan Fylkesmannen tildeler veg- og driftstilskot.

Meir informasjon og søknadskjema finn de hjå Landbruksdirektoratet.

Nybygging og og ombygging av skogsvegar

Etter forskrift om NMSK-tilskot til næring og miljøtiltak i skogbruket, kan det gjevast tilskot til:

  • Nybygging av skogvegar
  • Ombygging av eksisterande skogvegar

For å kunne få tilskot, gjeld følgjande føresetnader:

  • Vegen må medverka til ei god og heilskapande løysing som gjer grunnlag for utnytting av skog- og utmarksressursane
  • Vegen må vere godkjent etter forskrift om planlegging og godkjenning av vegar til landbruksføremål
  • Vegen må byggast i samsvar med gjeldande normalar for landbruksvegar med byggeskildring, fastsett av departementet
  • Det er berre skogandelen i ein landbruksveg som har rett på tilskot
  • Det skal føreliggja ein byggeplan som kommunen har godkjent før anleggarbeidet tek til
  • Det er eit krav at vegen blir vedlikehaldt til den standaren som vegen opprinneleg vart bygd
  • Tilsette innan landbruks- og miljøvernmynde skal kunne nytta vegen avgiftsfritt i tenesta

Det er kommuen som tek imot og førebur tilskotsordningane og Fylkesmannen gjer vedtak og betalar ut tilskotet. Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om tilskotsordninga. og eventuelt rettleiing.

Skogkulturarbeid og kvalitetsutvikling

Etter forskrift om NMSK kan det gjevast tilskot for å stimulere til utvikling av kvalitetsskog medrekna:

  • foryngelsestiltak som planting, såing og harving
  • ungskogpleie
  • stammekvisting
  • tynning (dekkje underskot)
  • gjødsling av skog

Det blir ikkje gjeve tilskot til bruk av kjemiske middel, kjøp av utstyr eller til tiltak som ved uttak av virke gjer overskot.

Skogbruksplanlegging med miljøregistrering

Det kan gjevast tilskot til:

  • enkelttakst
  • fellestakst
  • områdetakst
  • Deltaking på kurs i utarbeiding og bruk av skogbruksplan/ressursoversikt på inntil 50 %
  • Deoartementet kan godkjenne bruk av tilskotsmidlar til andre tiltak som fell under tilskotsordninga

Tettare skogplanting som klimatiltak

Dette er ei tilskotsordning for å auka antall skogplanter ved foryngelse av eksisterande skogareal. Tiltaket er ein del av ordinær skogplanting etter hogst, og gjer ikkje nye måtar å bruke hogstareala på. Tilskot til tettare planting skal gjennom optimal utnytting gje auka bindinga av CO2. Auka tettheit utover det optimale vil ha redusert klimaeffekt og er difor ikkje ein del av ordninga. Les meir om dette her.

Juletreplanting