Tilsynskampanje med solarium i veke 11 og 12

Om lag 150 kommunar deltek i ein nasjonal tilsynskampanje med solarium i veke 11 og 12. Bruk av solarium aukar risikoen for hudkreft, og risikoen aukar når bruken startar i ung alder. Ein tilsynskampanje med solarium vil vera eit effektivt verkemiddel for å sikra at dei som tilbyr soling i solarium følgjer regelverket. Hensikta er blant anna å sikra at verksemdene har tilfredsstillande system for alderskontroll. Kampanjen er ei oppfølging av tilsvarande kampanje i 2017, og vi vil også sjå på etterleving av regelverket over tid.

Soling i solarium gir auka risiko for hudkreft

Soling i solarium gir auka risiko for hudkreft, og risikoen er høgare for dei som starta solariebruk i ung alder. Difor har mange land innført aldersgrense for bruk av solarium. I Noreg har vi hatt 18-årsgrense sidan 2012. Krav om alderskontroll for å handheva 18-årsgrensa kom 1. januar 2017.

Tilsynsansvar

Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) er ansvarleg myndigheit for stråling frå solarium i Noreg. Kommunane har ansvar for og er dei som vil føra tilsyn med solaria, medan DSA vil ha ei koordinerande rolle og samlar resultata frå alle tilsyna.

Meldepliktige verksemder

Det er meldt inn om lag 1100 solarieverksemder og ca. 5100 solarium til DSA. Erfaring tilseier at det framleis er ein del verksemder som ikkje har meldt inn sine solarium, så dei reelle tala på kor mange som tilbyr soling i solarium kan vera høgare.

Kreftforeininga si solvaneundersøking

I Kreftforeininga si solvaneundersøking for ungdom frå 2020 svarte 3 av 10 at dei hadde brukt solarium siste året. I aldersgruppa 15-17 år svarte 2 av 10 at dei hadde brukt solarium siste året, dette til tross for at det er 18-årsgrense. Heile 64 prosent seier dei tok solarium første gong før dei fylte 18 år, og 17 prosent før dei fylte 15 år.

Noreg ligg på verdstoppen i tal tilfelle av hudkreft

Noreg ligg på verdstoppen i tal tilfelle av hudkreft. Det er ein tydeleg samanheng mellom solariebruk og hudkreft viser forskinga. Kreftrisikoen aukar jo meir solarium du tar og jo yngre du er når du startar. Det er ikkje noko trygg nedre grense for kor mykje solarium du kan ta. Difor er det 18-årsgrense for solarium i Noreg og mange andre land.

Kor mange vert ramma av hudkreft

Årleg vert om lag 5500 nordmenn ramma av hudkreft, omtrent likt fordelt på føflekkreft og plateepitelkreft. I tillegg går ein ut frå at det er minst 20.000 tilfelle årleg av typen basalcellekreft (denne hudkreft-typen vert ikkje registrert i Kreftregisteret, men anslaget er basert på tal prøvar diagnostisert av patologar). Omtrent 300 personar døyr kvart år av føflekkreft, 60 av plateepitelkreft.

Årsak til hudkrefttilfella

Det er anslått at rundt 90 prosent av hudkrefttilfella i Noreg skuldast UV-eksponering frå sol og solarium, hovudsakleg frå sol. Anslagsvis 5,4 prosent av føflekkreft-tilfella i Europa skuldast bruk av solarium. Til tross for at hudkreft er ei kreftform som ein i stor grad kjenner årsaka til og som dermed kan førebyggjast, er førekomsten høg og framleis aukande i Noreg.

Fokus for tilsynskampanjen

Fokus under tilsynskampanjen kan vera:
-Har verksemda eit tilfredsstillande system for alderskontroll?
-Har dei ansvarlege for dagleg drift av solarieverksemdene og tilsette som har kundekontakt bestått solarieprøven?
-Har solarieverksemdene informert den einskilde kunde om relevante risikofaktorar ved solariebruk?
-Er verksemda meldt til DSA?

Plikt til informasjon

Solstudio må gje alle kundane informasjonsbrosjyren «Dette bør du vita før du tek solarium», i papirversjon eller i ei elektronisk løysing:

ADmRRzTwJe 7EAAAAAElFTkSuQmCC