Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant born og unge. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire born og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt eller sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnadar.

Det er barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som forvalter tilskotsordninga og i år er det i forslag til statsbudsjett satt av om lag 350 mill. kr som skal delast ut.

Nytt i 2021:Inntil 20 mill. kr er satt til utprøving av metoder/arbeidsmodeller og koordinering av samarbeidet mellom tenester.

Søknadsskjema

Informasjon om ordninga og elektronisk søknadsskjema finn de på bufdir.no eller følg denne lenkja.

Søknadsfrist: 4. desember 2020.

Kontaktperson

Har du spørsmål?  Kontakt folkehelsekoordinator Kristian Helgesen, kristianhelgesen@kvinnherad.kommune.no eller Frivilligsentralen; Veronica Thorsen, veronica.t.thorsen@kvinnherad.kommune.no