Dei frammøtte fekk informasjon om Mauranger 2, Vilkårsrevisjonen, Mysevatn dam, og drift- og miljøtilsynsarbeidet som blir gjort på anlegga. NVE orienterte om prosessen vidare i samband med vilkårsrevisjonen og Mauranger 2-utbygginga. 
Statnett var òg invitert. Dei informerte om den store linja som skal gå frå Sogndal – Kollnes og Sauda. Delar av denne linja skal gå gjennom Kvinnherad. Til slutt var også Fylkeskommunen invitert for å informera om fylkesveg 45, der ein no held på å planleggja tunell mellom Nordrepollen og Austrepollen.

Dei opp mot 100 personane som møtte fekk servert god mat og informasjon om dei ulike prosjekta.