Kontakt

Tlf. 53 46 12 20 / 53 46 12 22

Avdelingar
Hakkebakkeskogen, tlf. 53 46 12 25
Månedalen sør, tlf. 53 46 12 27
Månedalen nord, tlf. 53 46 12 26
Hundremeterskogen, tlf. 53 46 12 24

Adresse
Røsslandsvegen 4
5460 Husnes

Opningstider: 06.30 - 16.30

Om barnehagen

Myrane barnehage er ein 4 avdelingsbarnehage som ligg ved skuleområdet på Husnes. Barnehagen ligg sentralt mellom Opsangervatnet, Kaldestadåsen og elles skogområdet rundt oss. Det gjev oss unike muligheter for turar og friluftsliv rett utafor dørene.

Barnehagen har fire avdelingar, to avdelingar for born 1-3 år og to avdelingar for born 3-5 år. Det er plass til om lag 70 born .

Satsingområdet dette året er: «Borna si språkutvikling gjennom leik og bruk av barnelitteratur». Her er vidare fokus på god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, leik, samtalar og språkfremjande aktivitetar. Gjennom satsinga «Vera saman» arbeider personalet med å opptre autoritativt i møte med det enkelte barn. Vidare i satsinga «Inkluderande barnehagemiljø» vert det jobba mot utestengning/mobbing og fremja inkludering.

Kjernekomponentar i «Vera saman»:

  • Autoritative vaksne
  • Relasjonsbygging og kommunikasjon
  • Tidleg innsats
  • Mål er kompetanseheving for alle tilsette i barnehagen
  • Handtering av utfordrande atferd
  • Implementering og organisasjonsutvikling