MicrosoftTeams-image (8).png

Prosjektet «Kompetanse og utvikling i ei ny digital helse- og omsorgsteneste» var arrangør, og hadde med seg informasjon om prosjektet og om den store, viktige kartleggingsundersøkinga om digital kompetanse som kjem i mai.

MicrosoftTeams-image (9).png
Dei som ville kunne begynne på undersøkinga allereie under lunsjen.

Alle fekk servert lunsj og drikke. Det var òg ein uformell quiz med premiar. 

MicrosoftTeams-image (10).png
Stig Sundal og Marte Kristoffersen kasta glans over arrangementet og stilte på stand med mykje interessant velferdsteknologi.

MicrosoftTeams-image (11).png
Anna, Rune og nokon fleire, fekk testa hovudkamera frå Jodapro. Dette er eit kamera som skal testast ut av Heimeteneste sør i eit anna prosjekt Kvinnherad kommune deltek i, saman med Ullensvang kommune og Helse Fonna (sårpoliklinikken på Stord).

Det blir ny kafé på Husnestunet torsdag i neste veke.