Har du røysterett?

For å ha røysterett ved stortingsval må fire krav vera oppfylt. du må:

  • Vera norsk statsborgar
  • ha fylt 18 innan utgangen av valåret
  • ikkje ha mista røysteretten
  • vera, eller har tidegare vore, folkeregisterført som busett i Noreg

Manntalet er med på å sikra korrekt val

Ved røystegivinga blir legitimasjonen din sjekka opp mot manntalet for å stadfesta at du har røysterett. Du vert kryssa i manntalet før du får leggja røystesetelen i urna. Når du er kryssa av i manntalet kan du ikkje ombestemma deg og røysta om att.

Les meir om manntal på valg.no

 

Sametingets manntal

For å kunna røysta ved sametingsvalet må du vera registrert i Sametingets valmanntal. Skal du stå i Sametingets valmanntal må du registrera deg sjølv. Hugs å registrera deg i god tid innan fristen 30. juni.

Røysting til sametinget må gjennomførast innan 10. september som førehandsrøysting.

Les meir om innmelding i valmanntalet på sametinget.no

Kva om eg bur i utlandet?

Norske statsborgarar med røysterett som er busett i utlandet er som hovudregel innført i manntalet. Eitt unntak fins likevel dersom du har budd i utlandet i meir enn 10 år. I dette tilfelle må du søka om innføring i manntalet i den kommunen som du sist var folkeregistrert for at røysta di skal verta godkjent.