Vi har snakka med ei som er midt i studieløpet, og ei som har fått fast jobb etter fullført utdanning.

Johanna Falk går vg1 og er no inne i sin andre praksisperiode. Denne gongen er ho to veker på avdelinga Melderskin på Rosendalstunet. Før jul var ho to veker på rehabiliteringsavdelinga Nonshaug på same institusjon.
- Då får eg erfaring frå to ulike avdelingar, noko som er veldig nyttig, smiler Johanna som er særs nøgd med val av utdanning.
Til neste år skal ho velja kva retning ho vil gå vidare – barn og ungdom eller helsefag. Etter 2 år på skule kan ein søkja læreplass i godkjente lærebedrifter.

Fått fast jobb
Marthe Sahr (22 år) valte studieretninga barne og ungdomsfag. No har ho fått fast stilling i Bringedalsbygda barnehage. Vi stilte ho 4 spørsmål:

1.Kor var du i praksis?
Sunde barnehage og Bringedalsbygda barneskule

2.Korleis var det å vera i praksis?
det var veldig kjekt og lærerikt. Synes det var kjekt at eg fekk vera både på skule og i barnehage. Eg blei tatt godt i mot begge plassar, og fekk flinke vegleiarar som sette seg godt inn i oppgåvene eg fekk utlevert.

3.Var det lett å få jobb etter fullført utdanning?
Eg trudde det skulle vera vanskeleg, men eg fekk vikarstilling så snart eg var ferdig, og kort tid etter det så var eg heldig og fekk tilbod om fast stilling.

4.Kvifor valte du denne studieretninga, og vil du anbefala den til andre?
Eg var aldri i tvil når eg skulle velja studieretning. Eg har alltid vore glad i å jobba med barn og unge. Det er ein utruleg viktig jobb, og ein veldig kjekk jobb. Kvar dag får eg vera med på kjekke aktivitetar og mykje moro. Åra eg hadde på helse og oppvekst og barne- og ungdomsfaget var eit av dei kjekkaste åra eg hadde på skule og er verkeleg til å anbefala!

Barne og ungdomsfag.jpg
Kvifor mala inne når du kan mala ute? Foto: Bringedalsbygda barnehage

Kommunen jobbar for tida med å sjå på ei løysing slik at ein kan få jobb etter fullført læretid.
Håpar du ynskjer å søkja deg inn på ein av desse retningane – det er ikkje tvil om at Kvinnherad kommune har bruk for dykk!
Her kan du lesa meir om helse og oppvekstfag på Kvinnherad vidaregåande skule