LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ynskjer å vidareutviklie lokalsamfunnet ditt. LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar. Programmet vil stimulere lokal utviklings- og attraksjonskraft i bygder og lokalsamfunn på sin systematisk og vedvarande måte.

Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge Hordaland og Fylkesmannen i Hordaland står bak programmet som starta opp i 2008.

Måla er:

  • Auke trivsel, bulyst, sosial integrasjon, identitetsskaping og lokalt forankra mobiliseringsprosessar i Hordaland
  • Styrka lokalt entreprenørskap og lokalt næringsliv
  • Styrka lokal kompetanse innan prosjektutvikling

I Kvinnherad kommune har Åkra, Fjelberg og Sunde vore med på LivOGLyst-programmet.

Du kan lese meir om LivOGLyst på Hordaland fylkeskommune si heimeside.

LivlystLargeFarger.png