Krav til legitimasjon

  • For å røysta på valdagen må du ha med legitimasjon
  • Det er ikkje nok å ha med valkort, eller å oppgje namn og fødselsdato
  • Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Det er også mogleg å nytta andre former for legitimasjon, men minstekravet er at det må innehalda namn, fødselsdato og bilete.
  • Så lenge legitimasjonen viser at veljaren er den vedkomande utgir seg for å vera, reknast dette som godt nok. Dette gjeld også sjølv om legitimasjon eventuelt har gått ut på dato.

Les meir om legitimasjon på valg.no

Valkortet blir digitalt

  • Ved komande stortingsval får du tilsendt valkortet ditt digitalt.
  • Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved valet.
  • På valkortet finn du opplysingar om deg og informasjon om vallokale i kommunen.
  • Dersom du har med deg valkortet i vallokalet, er det enklare og raskare for valfunksjonærane å finna deg i manntalet, men det er ikkje obligatorisk å ha med.

Nokon kjem framleis til å få valkortet i posten

Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdater eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane, kjem til å få valkortet tilsendt på papir.

Les meir om valkort på valg.no