Han vart nominert til prisen av Strupebandet.

Kandidaten har deltake har vore ein aktiv deltakar i Strupebandet i 40 år, og har hatt mykje å seie for dette koret og lokalsamfunnet i alle år. I samband med at Strupebandet no har jubileum kan vere særleg triveleg å kunne tildele denne prisen i år.

Prismottakaren vert invitert til arrangementet for felles utdeling av kulturpris, kulturstipend og frivilligpris med middag og gjester den 8. desember i år.

Prisen er skulpturen «Dråpe» laga av Hadeland glassverk og innramma diplom.

Det er ei stor glede  og ære for Kvinnherad kommune å tildele kulturprisen til ressurspersonar som gjer mykje for bygdene og for kommunen vår. Arbeidet som enkeltmenneskje, lag og foreiningar legg i kulturelle samanhengar er stort og omfattande, og verdien av dette arbeidet er uvurderleg.   Utøvande kultur betyr mykje for lokalmiljøa i bygdene våre, for lag og foreiningar og for enkeltmenneskje.

Levekårsutvalet kan kvart år dele ut ein kulturpris til enkeltpersonar eller lag/organisasjonar i eller med tilknyting til Kvinnherad kommune. Kulturprisen vert gitt for særleg fortenestefull frivillig innsats for kulturlivet i kommunen eller for aktivt kulturarbeid over lengre tid. Levekårsutvalet avgjer om kor vidt prisen skal delast ut kvart år, kven som skal få prisen og korleis han skal delast ut. Dersom komiteen finn at fleire enn ein bør ha prisen same året, kan det delast ut fleire prisar.

Levekårsutvalet er ikkje bunden av innkomne forslag.

Nominasjonen:

I samband med at Strupebandet runda 40 år i 2020 gav koret ut jubileumsboka «Gje meg ein a» ført i pennen av Aasmund Taarn Sande.

Vi har alltid visst kor viktig Lars Magne Sjo har vore for koret og for song og musikklivet på øya, men i samband med ei samla framstilling av koret sin aktivitet gjennom 40 år blir dette veldig synleg.

Lars Magne var aktiv i koret i heile 38 år utan avbrot, frå den fyrste oppstarten i 1980 og til han av helsemessige grunnar slutta etter 2018-sesongen. Rollene hans i koret har vore mange: I tillegg til å vera songar og krembass har han vore formann, han har vore akkompagnatør både på konsertar og ved festlege samkomer og han har skrive songar til særlege høve. Han har dessutan vore alle dirigentar sin nære samarbeidspartnar og støtte, og ved skifte av dirigentar har han fleire gonger sjølv teke dirigentansvaret i påvente av ein ny. For å fylla ut biletet av den breie og langvarige innsatsen hans for koret tek vi også med at han i mange år tok ansvar for ei digital heimeside www.strupebandet.net og han har vore formgjevar til mange konsertplakatar. Han har i alle situasjonar teke ansvar og sytt for at koret har halde seg flytande og kome seg vidare.

Utanom innsatsen i Strupebandet har han også sett djupe spor etter seg elles i song- og musikklivet på Halsnøy og i Kvinnherad.

Han har vore musikklærar på Øyatun skule i heile yrkeskarrieren sin og akkompagnatør ved skulen sine samlingar og festar. Han var sentral medlem i rockegruppa «Tigrane» på 1960-/1970-talet og seinare i Halsnøy storband.

Han har saman med Bjarne M Sjo spela til dans på uteljelege festar, private og offentlege, både heime og ute, og i bryllaupsfestar tok dei saman også gjerne ansvaret for både musikk og festleiing.

I seinare år har han med jamne mellomrom leia songstunder for bebuarane både ved Halsnøytunet og ved institusjonane våre på fastlandssida.

I eit intervju i jubileumsboka svarar Lars Magne sjølv slik på spørsmåla frå Aasmund Taarn Sande om kva song og musikk betyr for menneska generelt og for han personleg:

- Eit liv utan song og musikk hadde ikkje gått! Det byggjer deg opp og tek vekk dumme tankar.

- For meg har song og musikk betydd alt! Øvingane kunne ikkje koma fort nok. Songen har vore desserten i livet mitt, rett og slett. Å få ros etter ein konsert gjer deg lett på foten og litt brattare i ryggen.

Det er etter vår oppfatning ingen tvil om at Lars Magne Sjo fortener å få Kvinnherad kommune sin kulturpris for særleg fortenestefull frivillig innsats for kulturlivet i kommunen og for aktivt kulturarbeid over lengre tid.

Det vil høva godt å gi han denne heideren i samband med Strupebandet sine utsette jubileumskonsertar og jubileumsfest, som går av stabelen 25., 26. og 27. november 2021.