I forordet til landbruksplanen skriv ordførar Hans Inge Myrvold:

Landbruket i Kvinnherad og framtida.

Landbruket i Kvinnherad har spelt ei stor rolle i samfunnsutviklinga, og bidrege til ein stor del av den totale sysselsettinga i kommunen. Landbruket har vore utvikla gjennom generasjonar, og er derfor ein viktig del av identiteten i lokalsamfunna og kommunen.

Kvinnherad kommune har over tid vore ein pådrivar for å stimulera og bidra med å løfta landbruket som ein av dei viktige næringsvegane i vår kommune. Landbruket har følgt opp med modernisering av bygg og god pleie av landbruksarealet, samtidig som ein har teke i bruk ny teknologi for å løyse desse store oppgåvene.

Dette vitnar om ei framtidsvon, som er heilt i tråd med nasjonale og internasjonale målsetnader.

Stortinget legg til grunn følgjande overordna målsetnad for landbruket:

•          Mattryggleik

•          Landbruk over heile landet

•          Auka verdiskaping

•          Bærekraftig landbruk med lavere utslipp av klimagasser

Landbruksplanen du no les, tek opp i seg alle desse nemnde punkta. Kvinnherad er soleis i takt med, og langt framme i å bidra for ei positiv utvikling av landbruket.

Det er for tida svært mange unge som overtek gardar i Kvinnherad. Det viser att i god drift, offensiv satsing, dei er flinke til å nytta moderne teknologi og kunnskap, og dei gjev eit positivt bilete av næringa. Det vert skapt nye næringar og mange er dyktige til å nytta andre ressursar som til dømes den flotte naturen vi har rundt oss.

Vi lever i eit godt og stabilt land og vi lever i eit område der folk hjelper kvarandre. Dersom vi fortset med å dra i lag og ikkje minst arbeider for å gje eit positivt inntrykk av landbruket i Kvinnherad, så har vi skapt eit svært så viktig grunnlag for trivsel, produksjon, fleire nye næringar, fortsatt vekst og ikkje minst ei næring som er attraktiv for komande generasjonar.

Planutkastet kan du lesa her

Skjermbilde.PNG