Kvinnherad kommune er i gang med frivilligplan. I haust vil «Frivillighet Norge» på oppdrag gjere ei kartlegging av frivillig arbeid i Kvinnherad kommune, og i samband med dette treng me kontaktinformasjon frå lag og organisasjonar hjå oss.

  • Namn på laget eller organisasjonen

  • Kontaktperson med e-post og telefonnummer

På denne måten kan lag og organisasjonar være med på å påverke kva for innhald denne plana skal ha. Målet er å få ein heilskapleg plan for oppfølging av og samarbeid med frivilligheita i Kvinnherad kommune.

Denne informasjonen skal sendast til post@kvinnherad.kommune.no innan 1. september 2019.

Kontaktperson i Kvinnherad kommune: Veronica Thorsen, telefon 900 76 543.