Marie Lillesand Høgestøl er den fyrste studenten ved Norges musikkhøgskule som kombinerar utøvarstudium med komposisjon. Ho skal bruke pengane ho får i stipend til å ta private timar hjå songlæraren sin, og til private timar hjå coachen/akkompagnatøren sin, slik at ho kan utvikle den unge stemmen sin. I tillegg skal ho kjøpe opptaksutstyr og noteskrivingsprogram til komposisjonsstudiet.

Marie er 22 år gamal og kjem frå Røssland i Kvinnherad. Ho har gått på musikklinja på Stord, men og vore elev ved Kvinnherad kulturskule i mange år. Der fekk ho interesse for klassisk musikk og moderne kunst. Fyrste halvdel av studiet ved Norges musikkhøgskule vart dedikert til utøvande, klassisk song. Frå og med i haust studerar ho og komposisjon, slik at ho får ein bachelor i båe faga nor ho vert uteksaminert våren 2024. «Det er berre ein ting som er kulare enn det å vere skikkeleg god på eit instrument, og det er å vere like god på fleire ting som kan kombinerast og ope for eit breiare yrkesliv, samstundes som kvar ferdigheit er med på å utfylle den andre», seier Marie. Vidare fortel ho at « det å sjølv kunne urframføra mine eigne verk har lenge vore ein stor draum, og no har eg endeleg sjansen».

Kulturstipendet vert delt ut til ei som er studerar og er utøvar av eit kunstnarisk og kreativt virke. Marie Lillesand Høgestøl søkjer personleg utvikling og kompetanseheving innan faga utøvande klassisk song og komposisjon. Ho vil og få høve til å ta fleire songtimar privat og å kunne kjøpe opptaksutstyr og noteskrivingsprogram. Vi i gruppa som tildeler Kvinnherad kulturstipend meiner søknaden er spennande og søkjaren viser skaparvilje, har store draumar og har vilje til å satse og arbeide hardt for å nå måla sine.

Vi gratulerer Marie Lillesand Høgestøl med Kvinnherad kulturstipend for 2022.