Eksisterande trafikksikringsplan vart vedteken i 2012 og planen skal no reviderast. Kommunen ynskjer å invitere skular, barnehagar, FAU, grendalag, eldreråd, ungdomsråd, enkeltpersonar, næringsliv,  lag og foreiningar å kome med innspel til planarbeidet. Det er ynskjeleg med innspel på alle tilhøve som gjeld trafikksikring i kommunen. Dette kan vere; trafikkfarlege punkt/strekningar, åtferd- og haldningsarbeid, opplevd utryggleik, behov for skilting og redusert fartsgrense, behov for gang- og sykkelveg, fortau, vegbelysning, busshaldeplass, gangfelt og liknande. Det er viktig med skildring av ynskja tiltak og kvar det er – det kan gjerne visast på eit kartutsnitt kvar det er ynskjeleg med tiltak.

Ynskjer du å sjå gjeldande trafikksikringsplan, ligg denne på kommunen sin heimeside: https://www.kvinnherad.kommune.no/trafikksikring.453881.nn.html

TS-plan 2012-2020

For å markere staden for tiltak på eit kart, kan du nytte karttenesta til kommunen, kommunekart. I menyen kan du nytta verktyet «Tegn i kart» og markere kvar tiltaket trengs. For å lage ein pdf av kartet, vel du «Skriv ut».

Innspel merkes med «trafikksikringsplan» og vert sendt pr. epost til: post@kvinnherad.kommune.no eller pr. brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal. Innspel kan òg leverast skriftleg over disk på rådhuset.

Ny frist for innspel: 18.05.2020

Har du spørsmål kring trafikksikringsplanen, er det berre å ta kontakt med Hildegunn Furdal: e-post hildegunn.furdal@kvinnherad.kommune.no eller telefon 906 78 429.