Kvinnherad kommune er i denne runden tildelt kr 833 000 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Støtta skal gå til lokale verksemder.

Kommunane har betydeleg fridom til å tilpassa kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Målet med ordninga og tilskotet er å setja kommunane raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder i næringa, gjennom tildeling av kompensasjonstilskot. Tilskotet skal derfor særleg bidra til å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter som er ramma av dei siste smitteverntiltaka.

Målgruppa er dei som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Dette vil gjelde spesielt for serveringsverksemder, cateringverksemder, drift av barar og hotellverksemder.

Det vil bli vektlagt om søker heilt eller delvis fell utanfor andre kompensasjonsordningar, om dei har fått støtte frå før og har mista kundegrunnlaget som følgje av smitteverntiltak.

6.runde med kompensasjonsmidlar vil i hovudsak rette seg mot smitteverntiltak og nedstenging i november 2021- januar 2022.

 

Desse kan søkje om kompensasjon:

  1. Lokale verksemder som er hardt ramma av strenge smitteverntiltak som vart iverksett november og desember 2021. Verksemder innanfor servering og overnatting, som har hatt kostnader eller tap som fylgje av smitteverntiltak og nedstenging, vil verte prioritert.

Kriteria:

  1. Verksemda må ha operativ verksemd i Kvinnherad  kommune
  2. Bedrifter utan tilsette kan ikkje søke. Unntak er enkeltpersonføretak og ansvarleg selskap der føretaket si inntekt er minst ein av deltakarane si hovudinntekt
  3. Tilskot vil bli gitt etter notifisert ordning for støtte etter statsstøtteregulativet

 

Fordeling av midlar:

  • I samband med fordeling av midlar i runde 3 vedtok Formannskapet (16.september 2021) eit minimumsbeløp på kr 30 000 og eit maksimumsbeløp på kr 100 000 ved fordeling av midlar. Dette vil også vere gjeldande ved denne tildelingsrunden.

 

Krav til vedlegg/dokumentasjon:

  • Søkar skal gje ei kortfatta utgreiing på korleis smitteverntiltaka og nedstenging har påverka økonomien (omsetjingssvikt, tap eller meirkostnader), og kva avbøtande tiltak som eventuelt er gjort.
     
  • Dokumentasjon for tap som følge av nasjonale smittevernstiltak i desember 2021 (f.eks. avbestillingar)
     
  • Rekneskapsoversikt for perioden attestert av rekneskapsførar
     
  • Det må opplysast i søknaden om selskapet har motteke støtte frå andre kompensasjonsordningar i 2020 og 2021, som følge av koronapandemien, og i tilfelle gjennom kva ordning og kor mye.
     
  • Skatteattest skal leggast ved søknaden. Verksemda kan ikkje vere insolvent, under konkursbehandling eller under avvikling.

 

For meir informasjon sjå òg «Tilskuddsbrev fra Kommunal og moderniseringsdepartementet» 

Kostnadar som er dekka gjennom andre kompensasjonsordningar støttast ikkje.

 

Søknad:
Søknad skal registrerast på www.regionalforvaltning.no

Opprett brukar (dersom du ikkje allereie har brukarid) og vel «Logg inn». Legg inn «Kvinnherad kommune» i søkefeltet og vel «Kvinnherad kommune – Kommunal kompensasjonsordning – runde 6». Fyll ut søknadsskjema så nøyaktig som mogleg.

 

Søknadsfrist: 20.januar 2022 kl 00:00.

Administrasjonen vil vurdere innkomne søknader og legge fram innstilling til Formannskapet.

Det vert naudsynt å utøve skjønn ved tildeling av midlar, verksemder som er hardast råka vil bli prioritert, og tilskotet må ut der det sikrar arbeidsplassar og aktivitet.

Kommunen tek sikte på å få handsama søknadene i Formannskapsmøtet 03.februar 2022, men det vil m.a. vere avhengig av om søkjarane klarar å skaffe fram naudsynt dokumentasjon til søknaden tidsnok.

Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling.

 

Spørsmål om ordninga kan rettast til Margit Lund-Mikkelson.

E-post: margit.lund-mikkelson@kvinnherad.kommune.no