Temaplan landbruk for Kvinnherad kommune på høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til ny landbruksplan for Kvinnherad kommune er no lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Planen skal leggja føringar for utviklinga av landbruket i kommunen dei komande åra og omtalar mellom anna jordvern, næringsutvikling, skogbruk, klima- og miljøarbeid, rekruttering og busetnad på landbrukseigedomar.

Kommunen ønskjer innspel frå innbyggjarar, næringsaktørar, organisasjonar og andre interesserte. Høyringsinnspel vil vera eit viktig grunnlag i den vidare behandlinga av planen.

Lenkje til planen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Frist for å senda inn høyringssvar er 24. november. Alle innspel må sendast kommunen innan fristen for å bli tekne med i den vidare vurderinga av planforslaget.

Høyringssvar kan sendast til post@kvinnherad.kommune.no.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay