Endring etter forenkla prosess - Del av Fv 500 Ranavik – Sæbøvik, PlanID 20070005
Plan, teknikk og miljøutvalet godkjente 08.09.2026 søknad om endring etter forenkla prosess for del av Fv 500 Ranavik – Sæbøvik, PlanID 20070005.
Forslagsstillar: Vestland fylkeskommune
Saksnummer: 2024/1906
Kunngjeringsdao: 22.10.2026
Om prosess
Planforslaget vart 25.09.2024 sendt på høyring til grunneigarar og naboar, med frist for innspel 25.10.2024. Fylkeskommunen sine eigne fagavdelingar vart også varsla i denne runden.
Forslagsstillar mottok 5 merknadar frå private, samt merknad frå fylkeskommunen som vurderte varselet som oppstart av planarbeid.
Saka vart deretter 12.11.2025 sendt på høyring til regionale instansar. Fylkeskommunen, NVE og Statsforvaltaren hadde då ingen merknad til høyringa. Merknader frå varsel om oppstart er vurdert i oppsummering som følgjer saka.
Om endringa
Det er gjort ei oppdatering av planen frå 2008 etter gjeldande plan- og bygningslov. Samla er det vurdert at endringane av opphavleg plan er av ein slik karakter at det kan forsvare handsaming etter forenkla prosess jf. plan- og bygningslova § 12-14 Lenke til et annet nettsted. andre ledd.
Fylkesvegen mellom Sæbøvik-Eidsvik skal utbetrast med tilpassing til bygd situasjon, og sjølve planendringa gjeld strekninga mellom Øreviksvegen og Eidsvikvegen på fv. 500.
I samband med reguleringsendringa har ein auka kunnskapsgrunnlaget, og planen er supplert med ROS-analyse, planomtale, teknisk notat, geo-teknisk notat og nye vegteikningar. Trafikksikring vert på sørsida av fylkesvegen. Plankart og føresegner er oppdatert, og på bakgrunn av trafikkmengd og tunge køyretøy er det valt å auka breidde på køyreveg for å sikre ei berekraftig framtidig vegløysing.
Strekninga Sæbøvik-Eidsvik som er omfatta av sjølve endringane er vist på kartutsnitt under:

Kartutsnitt frå KPA 2018, der området for reguleringsplanen er synt med mørk blå linje.
Les meir om planendringa under PlanID 20070005_03 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. i plandokumenta som er tilgjengeleg i planregisteret.
Detaljreguleringa er straks binande for framtidig arealbruk og tiltak innanfor planområdet.
Om klage
Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast av den part som har rettsleg klageinteresse i saka jf. forvaltningslova (fvl) § 28, og klagefrist er 3 veker frå tidspunktet vedtaket har kome til parten jf. fvl § 29. Vedtaket er kunngjort med brev til partane i saka. Klage må grunngjevast, og merkast med saksnummer 2024/1906.
Klage kan sendast innan fristen til post@kvinnherad.kommune.no, eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.
Sist oppdatert
