Innkalling til skjønnsforhandlingar

Innkalling til skjønnsforhandlingar (rettsmøte) i ekspropriasjonsskjønn for bygging og drift av ny 420 kV kraftleidning mellom Blåfallikoblingsstasjon og Gismarvik transformatorstasjon med tilhøyrande anlegg og elektriske installasjonar m. v.

I medhald av oreigningslova § 20 og kongeleg resolusjon av 29. september 2023 innkallast mogelege, ikkje namngjevne, eigarar og rettshavarar til rettsmøte måndag 9. november 2026 kl. 0900 i Haugaland og Sunnhordland tingrett, Rettssal 14, Tinghuset, Sørhauggt. 80, Haugesund.

Det er sett av 10 dagar til saka. Gjer vel og kontroller rettsalsnummeret ved frammøte.

Tema for rettsmøtet er fastsetting av erstatning for inngrep som nemnd ovanfor. Saksøkjar/tiltakshavar er Statnett SF.

Kjente partar får innkalling på vanleg måte.

Skjønnsbegjæringa med vedlegg er tilgjengeleg hos Statnett SF ved henvendelse dit.

Dei som meiner å ha eigedomsrett, bruksrett, servitutt eller annan rett som vert råka av inngrepet, må melda frå til tingretten. Bevis og erstatningskrav må i så fall sendast retten på innen 15. oktober 2026. Dersom ingen mel der seg, vil saka bli behandla og avgjort på grunnlag av dei opplysingar retten elles har tilgang til.

Spørsmål kan rettast til Statnett SF eller til Haugaland og Sunnhordland tingrett.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay