Høyring - forslag til forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Kvinnherad kommune
Kvinnherad kommune sender med dette forslag til forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Kvinnherad kommune på offentleg høyring.
Høyringsfrist er sett til 1. oktober.
Bakgrunn:
I samband med vedtak av ny viltressurslov i juni 2025 vart det ikkje opna for generell bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjortevilt. Under stortingshandsaminga vart det lagt til grunn at det skulle etablerast ei ordning der kommunane kunne opna for slik bruk gjennom lokal forskrift når særlege vilkår er oppfylte.
Gjennom forskrift om utøving av jakt, felling og fangst § 29 a fjerde ledd, gjeldande frå 1. juli 2026, er det opna for at kommunar kan fastsetja lokal forskrift som tillèt bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort når dette er nødvendig for å avverja alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser som følgje av høg bestandstettleik.
Utdrag frå forskrift om utøving av jakt, felling og fangst § 29 a, fjerde ledd:
«For å avverge alvorlig skade på natur- eller samfunnsinteresser som følge av høy bestandstetthet, kan kommunen i forskrift åpne for bruk av restlysforsterkende og termiske siktemidler ved jakt på hjort. Bruken av restlysforsterkende og termiske siktemidler skal avgrenses til jakt i åpent terreng. Kommunen skal vurdere behovet for videreføring av en slik forskriftsregel hvert femte år. Kopi av vurderingen skal sendes Landbruksdirektoratet. Jegeren skal rapportere bruk av restlysforsterkende og termiske siktemidler ved felling av hjort i Hjorteviltregisteret.»
Høyringsfrist:
Framlegg til forskrift følgjer vedlagt dette høyringsbrevet, saman med saksprotokollen. Fristen for å kome med innspel eller merknader er sett til 1. oktober 2026.
Innspel og merknadar sendast til Kvinnherad kommune på e-post eller per brev. Merk då innspel med saksnummer 26/6031.
- E-post: post@kvinnherad.kommune.no
- Postadresse: Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Vedlegg:
Sist oppdatert
