Høyring - Forskrift om felles skulekrins for Gjetingsdalen i Kvinnherad kommune og Jondal skule i Ullensvang kommune

Kvinnherad kommune sender med dette forslag til ny forskrift om felles skulekrins for Gjetingsdalen i Kvinnherad kommune og Jondal skule i Ullensvang kommune, på høyring. Dette i tråd med fvl. § 37. Høyringsperioden er sett til seks veker.

Høyringsinstansar er rådsorgana i barnehagar og skular, tilsette og andre som har interesse i saka.

Frist for å gi høyringsuttalar er sett til 06.10.2026.

Forskrifta skal erstatte gjeldande forskrift 17. juni 2015 nr. 920 om felles skulekrinsgrense for elevar i Gjetingsdalen i Kvinnherad kommune.

Forslaget inneber ikkje endring i sjølve skulekrinsordninga. Elevar som bur i området Gjetingsdalen i Kvinnherad kommune, skal framleis gå på Jondal skule. Formålet med ny forskrift er å oppdatere forskrifta slik at ho viser til gjeldande opplæringslov og til rett kommunenamn etter kommunesamanslåinga der Jondal kommune no er del av Ullensvang kommune.

Forslag til forskrift, vedlegg og høyringsbrev ligg vedlagt.

Kven kan uttale seg?

Alle som ønskjer det, kan sende inn høyringsuttale. Kommunen ber særleg om merknader frå:

  • Ullensvang kommune
  • Statsforvaltaren i Vestland
  • Vestland fylkeskommune
  • føresette og elevar i Gjetingsdalen
  • samarbeidsutval, FAU og skulemiljøutval ved aktuelle skular
  • andre berørte partar og organisasjonar

Relevante vedlegg:

Høyringsbrev - Forskrift felles skolekrinsgrense for Gjetingsdalen i Kvinnherad kommune og Jondal skule i Ullensvang kommune 25.08.2026 pdf, 139 kB, åpnes i nytt vindu.

Forslag ny forskrift om skolekrins for Gjetingsdalen i Kvinnherad kommune og Jondal skule i Ullensvang kommune 25.08.2026 pdf, 133 kB, åpnes i nytt vindu.

Forskrift om interkommunal skulekrins for Gjetingsdalen i Kvinnherad og Jondal skule i Jondal, Kvinnherad og Jondal kommuner, Hordaland pdf, 401 kB, åpnes i nytt vindu.

 

Innsending av høyringssvar

Høyringsuttalar skal sendast til post@kvinnherad.kommune.no

Merk: Forskrift om felles skulekrins for Gjetingsdalen i Kvinnherad kommune og Jondal skule i Ullensvang kommune

 

Frist for innsending: 06.10.2026

Høyringsuttalane er offentlege etter offentleglova, og vil bli publisert på Kvinnherad kommune si postliste.

Etter at høyringsfristen er gått ut, vil kommunen gå gjennom innkomne høyringsuttalar. Saka blir deretter lagt fram for politisk behandling med forslag til endeleg forskrift.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay