Høyring av lokal forskrift om grunntilskot til private barnehagar i Kvinnherad kommune for tilskotsåret 2027

Kvinnherad kommune sender med dette forslag til lokal forskrift om grunntilskot til private barnehagar for tilskotsåret 2027 på høyring.

Frå 1. januar 2027 gjeld nye reglar for finansiering av private barnehagar. Etter barnehagelova og forskrift om finansiering av private barnehagar skal kommunen fastsetje lokal forskrift om berekning av grunntilskot til private ordinære barnehagar.

Forslaget til forskrift fastset:

  • satsar for grunntilskot til private ordinære barnehagar for tilskotsåret 2027
  • kva kommunale barnehagar som blir haldne utanfor berekningsgrunnlaget
  • reglar om ekstra grunntilskot for private barnehagar med tilsvarande særlege driftsføresetnader eller behov i barnegruppa
  • grunnlaget for berekning av tilskotssatsane

Kvinnherad kommune foreslår å halde Varaldsøy barnehage og Åkra barnehage utanfor berekningsgrunnlaget. Bakgrunnen er at desse barnehagane har særlege driftsføresetnader knytte til lågt barnetal og geografiske forhold, og at kostnadene derfor ikkje er representative for ordinær kommunal barnehagedrift.

Forslag til forskrift, vedlegg og høyringsnotat ligg vedlagt.

Høyringsbrev (pdf) pdf, 114 kB, åpnes i nytt vindu.

Lokal forskrift (pdf) pdf, 123 kB, åpnes i nytt vindu.

Tilskotsmal private barnehagar minus Varaldsøy og Åkra (Excel) xlsx, 445 kB, åpnes i nytt vindu.

Tilskotsmal private barnehagar (Excel) xlsx, 446 kB, åpnes i nytt vindu.

Kommunen ønskjer innspel frå private barnehagar, organisasjonar, føresette og andre interesserte.

Frist for å sende høyringsinnspel er 13. oktober 2026.

Høyringsinnspel kan sendast til:

E-post: post@kvinnherad.kommune.no
Postadresse: Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Innspel kan også sendast via eDialog for sikker innsending av dokument.

Merk innspelet med: «Høyring lokal forskrift om grunntilskot til private barnehagar 2027»

Etter at høyringsfristen er gått ut, vil innspela bli vurderte før endeleg forskrift blir lagd fram for politisk behandling.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay