Kunngjering av godkjend plan for Steinparken
Detaljregulering for Steinparken – Rosendal – 85/4 og 85/2 med fleire – PlanID 20230003
Kommunestyret i Kvinnherad kommune vedtok i møte 21.05.2026, sak 2026/41, med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., detaljregulering for Steinparken – Rosendal – 85/4 og 85/2 med fleire – PlanID 20230003.
Kommunestyret si handsaming 21.05.2026
Handsaming
Innstillinga frå Plan-, teknikk- og miljøutvalet vart samrøystes vedteken.
Vedtak
Kommunestyret i Kvinnherad kommune godkjenner forslag til detaljregulering for Steinparken – Rosendal – 85/4 og 85/2 med fleire – PlanID 20230003, med heimel i plan- og bygningslova § 12-12.
Vedtaket vart gjort på følgjande vilkår:
- Kvinnherad kommune og Rosendalstiftinga skal inngå festeavtale for eigedomane 82/218 og 85/50 i Steinparken før etablering av nye tiltak på eigedomane.
- Det skal etablerast éin parkeringsplass innanfor f_P1 per utleigeeining i UTL1–2, i samsvar med gjeldande kommuneplan. Rekkjefølgjekravet for parkering gjeld også ved bruksendring av den eksisterande tretopphytta.
Den endeleg reviderte reguleringsplanen er no kunngjord på heimesidene til Kvinnherad kommune. Vilkåra for godkjenning er oppfylte.
Oppfølging av vilkår
Vilkår 1 – Festeavtale
Det skal inngåast festeavtale mellom Kvinnherad kommune og Rosendalstiftinga for eigedomane 82/218 og 85/50 før etablering av nye tiltak.
Dette er innarbeidd som rekkjefølgjekrav i føresegnene punkt 6.2:
«Før det vert gjeve igangsetjingsløyve for nye tiltak på 82/218 og/eller 85/50 skal det liggje føre ein festeavtale mellom Kvinnherad kommune og Rosendalstiftinga.»
Vilkår 2 – Parkering
Det skal etablerast minimum éin parkeringsplass innanfor f_P1 per utleigeeining i UTL1–2. Kravet gjeld også ved bruksendring av eksisterande tretopphytte.
Dette er ivareteke i føresegnene punkt 3.1.1.4:
«Parkering for UTL skal løysast på parkeringsplass f_P1, der det skal setjast av éin parkeringsplass per utleigeeining.»
Klagerett
Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på til Statsforvaltaren i Vestland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse, jf. § 1-9 i plan- og bygningslova.
Klagefristen er fire veker frå kunngjeringa (t.o.m. 07.08.2026). Evt. klage til Statsforvaltaren i Vestland s kal sendast til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, eller på e-post til post@kvinnherad.kommune.no. Merk klaga med saksnummer 2023/2617. Det må gå klart fram at skrivet er meint som ei klage. Klaga bør grunngjevast.
Verknad av planen
Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som vert sette i verk innanfor planområdet.
Det vert elles vist til grunneigaren sin rett til å krevje innløysing etter plan- og bygningslova § 15-2, og til retten til erstatning for tap ved reguleringsplan etter § 15-3. Krav om erstatning må vere sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.
Innsyn i saksdokument
Alle saksdokumenta er tilgjengelege i postlista til Kvinnherad kommune under sak 2023/2617 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., og via lenkja i denne kunngjeringa.
Kart finn du her: Kart Kvinnherad «Steinparken» Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Heile saksutgreiinga er tilgjengeleg via lenkje på heimesida eller direkte i kartbasen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
