Høyring og offentleg ettersyn av forslag til kommuneplanens arealdel – Kvinnherad 2050 – PlanID 20190007

Kvinnherad kommune vedtok i kommunestyremøte 18.06.2026 at forslag til Kommuneplan Kvinnherad – Arealdel Kvinnherad 2050 skal sendast på andre gongs høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn jf. plan- og bygningslova (pbl) § 11-14.

Planforslaget

Kommuneplanens arealdel (KPA) er eit overordna styringsdokument for den langsiktige arealdisponeringa i Kvinnherad kommune. Arealdelen følgjer opp mål og strategiar i kommuneplanens samfunnsdel (KPS) som vart vedtatt i 2022.

Kommuneplanens arealdel tek utgangspunkt i arealstrategiane fastsette i samfunnsdelen for å sikra ein arealbruk som bidreg til berekraftig utvikling av ein grøn, fisk og attraktiv kommune. Plantema for rulleringa har vore bustad, næring, tenesteyting, friluftsliv, grøntstruktur, småbåthamn, handtering av overskotsmassar, råstoffressursar og byggjegrense mot sjø.

Planen har vore på høyring i 2023, og fekk då over 200 merknader frå private, organisasjonar og næringsliv. I tillegg har fleire regionale og statlege styresmakter gitt merknader og kome med motsegn. På dette grunnlaget har planen vore gjennomarbeida på ein rekke områder. Det har òg vore ein aktiv politisk medverknad.

Plankartet kan sjåast i kommunekart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. En vel då fana kommuneplan på høyring (2. gang). Då planen består av mange kartlag og difor kan vere vanskeleg å lesa, er det gitt høve til å slå av og på desse laga. Dokument i planen er lagt ut i planregisteret Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Frist for å komme med merknader til planen er 18.09.2026. Den lovpålagte fristen er 6 veker. I vedtaket er fristen sett til 8 veker, men då utlegginga kjem akkurat før fellesferien er den utvida til 11 veker.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay