Høyring og utlegging til offentleg ettersyn - Detaljregulering for Røysaneset industribase - Høylandsbygd
Detaljregulering for Røysaneset industribase - Høylandsbygd - 202/140 med fleire - PlanID 20230002
Plan-, teknikk- og miljøutvalet vedtok 09.06.2026 at detaljregulering for Røysaneset industribase - Høylandsbygd - 202/140 med fleire (PlanID 20230002) skal sendast på høyring og utlegging til offentleg ettersyn.
VEDTAK (saksnr. 2026/28):
Plan-, teknikk- og miljøutvalet i Kvinnherad kommune vedtek med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 12-10 at forslag til detaljregulering for Røysaneset industribase – Høylandsbygd – gnr./bnr. 202/140 mfl. – PlanID 20230002, sist revidert 08.05.2026, vert lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring.
Frist for uttale vert sett til minst 6 veker, jf. pbl § 12-10. Utlegging skal kunngjerast i lokalpressa og kommunen sine elektroniske medium. Råka partar og instansar skal varslast.
Planstatus: Høyring og offentleg ettersyn
Plantype: Privat detaljregulering
PlanID: 20230002
Forslagsstillar: Røysaneset Industribase AS
Plankonsulent: Nordplan Stord AS
Om planforslaget
Bakgrunnen for planarbeidet er behovet for å vidareutvikla eit eksisterande maritimt industriområde. Tiltakshavar ønskjer å oppgradera og utvida dagens anlegg, mellom anna med ny dokk, kaiar og industribygg.
Føremålet med planen er, jf. planomtalen:
«Hovudføremålet er å leggje til rette for næring i form av maritim industri gjennom opprusting og vidareutvikling på området.»
Planen legg til rette for følgjande hovudføremål:
- næringsverksemd (maritim industri, verkstad, lager)
- hamn og sjøareal til industriell bruk
- samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur
- grøntstruktur og buffersoner
Dette samsvarar med arealføremål i plankartet (NÆ1–NÆ6, hamn, samferdsle og grønstruktur).
Kartet finner du her. Plandokument er tilgjengeleg i planregisteret. Du kan sender inn dine merknadar elektronisk i skjema «merknad – innspel» her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., med frist til innspel 11.09.2026.
Planområdet omfattar om lag 630 dekar. Området omfattar eksisterande industriområde samt tilgrensande areal for utviding.
Planen opnar for utbygging av:
- verkstadshallar, lager og servicebygg
- administrasjonsbygg og overnatting
- ny dokk (ca. 160 meter lang, høgde inntil ca. 35 meter)
- kai- og hamneanlegg
Planomtalen og føresegner regulerer byggjegrenser, utnyttingsgrad og byggehøgder for dei ulike delområda.
Planforslaget omfattar oppgradering av Røysanesvegen og Slettanesvegen, med etablering av fortau og betre kryssløysing mot fylkesveg.
Vegplan og normalprofilar viser:
- køyrebane på om lag 5,5 meter
- fortau på om lag 2,5 meter
På enkelte strekningar er breidda redusert til om lag 5,0 meter veg og ned mot 1,8–2,1 meter fortau, grunna eksisterande bygningar og terreng.
I medverknadsprosessen har naboar løfta fram:
- trafikktryggleik
- auka trafikkmengd
- farlege kryss og siktforhold
Desse innspela er teke omsyn til ved:
- justering av veglinjer
- avgrensa inngrep der mogleg
- krav om fortau
Administrasjonen vurderer at krava til medverknad etter pbl § 5-1 Lenke til et annet nettsted. er oppfylt.
Planstatus
Planområdet er regulert gjennom fleire planar:
- Kommuneplanen sin arealdel (planID 20140002), vedteken 22.03.2018
- Reguleringsplan «Slettaneset, Høylandsbygd» (planID 19800004), vedteken 10.01.1980
- Tilgrensande planar: småbåthamn (vedteken 2010) og Hillestadvågen industriområde (vedteken 2001)
Planforslaget er i hovudsak i tråd med kommuneplanen sitt næringsføremål, men inneber avvik ved:
- omdisponering av delar av grønt-/friområde
- inngrep i strandsone
Desse avvika er vurderte gjennom konsekvensutgreiing.
Korleis kan du medverka?
For å medverke i den vidare planprosessen kan du sende inn merknad.
Kartet finner du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Plandokumenta er tilgjengelege i planregisteret. Du kan sende inn dine merknadar elektronisk i skjemaet «merknad – innspel» her Lenke til et annet nettsted., innan fristen 11.09.2026.
Alternativt kan merknad sendast inn på e-post til post@kvinnherad.kommune.no, eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal. Oppgje saksnummer 2023/1710 dersom du sender merknad på e-post eller som brev.
Når merknadsfristen er gått ut, vert merknadene handsama. Det vert vidare gjennomført justeringar av planforslaget før sluttvedtak. Når planforslaget er vedteke, vert det straks bindande for arealbruken innanfor planområdet.
Eit planvedtak er eit enkeltvedtak som kan påklagast.
Sist oppdatert
