Høyring: Forslag til forskrift om opning av jakt, fastsetting av minsteareal for felling av hjort og rådyr og fellingsavgifter for hjort

Kvinnherad kommune sender med dette på høyring forslag til lokal forskrift om opning av jakt og fastsetting av minsteareal for felling av hjort og rådyr, og fastsetting av fellingsavgifter for hjort.

Forslaget er lagt ut til offentleg høyring i 6 veker, med frist for innspel innan 26. mai 2026.

Bakgrunn

Den 1. juli 2026 vil viltressurslova (lov 20. juni 2025 nr. 102 om jakt, fangst og felling av vilt mv.) tre i kraft. Samstundes blir dagens viltlov (lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt) oppheva.

Viltressurslova vidarefører krava om at kommunen må fastsetje forskrift for å opne for jakt på elg, hjort og rådyr og å fastsetje minsteareal (viltressurslova § 42), samt for å opne for jakt på bever (viltressurslova § 44).

Med innføringa av den nye viltressurslova blir det eit krav at kommunar som ønskjer å fastsetje og krevje inn fellingsavgift for elg og hjort, må gjere dette i forskrift, jf. viltressurslova § 9 fjerde ledd. Fellingsavgiftene må fastsetjast innanfor rammene som Stortinget vedtek, slik dei framgår av Prop. 1 S (2024–2025) frå Landbruks- og matdepartementet (s. 131).

Landbruksdirektoratet anbefaler at kommunen fastset éi felles forskrift for opning av jakt, fastsetjing av minsteareal og fastsetjing av fellingsavgifter.

Ei samla viltforskrift vil gjere regelverket meir oversiktleg og lettare tilgjengeleg for jegerar, rettshavarar, organisasjonar og viltforvaltinga.

Høyringsuttalar kan sendast til: Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal eller på e-post til: post@kvinnherad.kommune.no

Innspel skal merkast med referanse 2026/983.

Vedlagt i høyringa:

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay