Kunngjering om vedteken reguleringsplan
Kvinnherad kommunestyre eigengodkjente 19.02.2026 detaljregulering for Vågsnes bustadområde, 81/36 m. fl, PlanID 20230005
Planframlegget vart vedteke med følgjande endringar:
I føresegner 3.3.1.1. Arealføremål f_BG er felles blågrønstruktur for alle eigedomar i planområdet. Føremålet skal opparbeidast med gangveg som fremjar rekreasjon og bruk, og er ålment tilgjengeleg og ikkje stengast av på nokon måte før byggjeløyve til naust kan innvilgast.
Føresegner
6.3. Før løyve til oppføring av nytt naust i føremål UNB2 kan innvilgast skal det føreliggja ferdigattest for gangveg i føremål f_BG.
Plankart, føresegner og planomtale var datert 12.11.2025, men på grunn av endringane, er føresegnene no retta med ny dato.
Planen regulerer for eit nytt naust, utviding av eksisterande kai m/kaikran, og båtopptrekk til nytt og eksisterande naust i Rosendal. Sidan tiltaket utfordrar strandsonevernet er det mellom anna lagt til rette for gjennomgang av planområdet for ålmenta gjennom ein blågrønstruktur.
Sjå plankart:
Vågsnes bustadområde
Kommunestyret si godkjenning kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Dette i samsvar med reglane i Forvaltningslova kapittel VI, og jf. Plan og bygningslova (pbl) § 1-9. Klagefristen er i utgangspunktet 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er kome fram til parten. Sjå elles forvaltningslova § 29.
Detaljreguleringa vert no bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet.
Me viser elles til grunneigar sin rett til å krev innløysing, jf. pbl § 15-2, samt til pbl § 15-3 om erstatning for tap ved reguleringsplan. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.
Plandokumenta finn de i kommunen sitt planregister her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Eventuell klage skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no, eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.
Sist oppdatert
