Melding om oppstart av planarbeid - detaljregulering for Landa
Detaljregulering for Landa Trafikksikring, næring og
mineralutvinning. 199/6 med fleire. PlanID 20230004
Initiativtakar
Planen er ein offentleg detaljregulering initiert av kommunen sjølv. Bakgrunnen er overskotsmidlar frå bompengefinansiering av Halsnøysambandet avsett for trafikksikringstiltak på Halsnøy. Planen tek òg med tilgrensande område der det over lengre tid har blitt drive steinbrot og steinknusing utan reguleringsplan, for å regulere fortsatt drift og etterbruk av området.
Planen tek òg opp ei planendring i nærliggande næringsområde på Bjoaneset.
Planstatus og føremål
Planforslaget gjer endringar i planane ID19870001 og ID20120014. Området for steinbrotet er i dag ikkje regulert. I gjeldande kommuneplan er deler av 199/6 sett av til råstoffutvinning. I forslag til ny KPA som har vore på høyring, er området utvida noko mot nordaust. I ny høyring av KPA som forventast i årsskiftet 2025/2026 vil området vere avsett til mineralutvinning og samsvare med gjeven driftskonsesjon.
Trafikksikring:
- Svingen i Strondavegen mot steinbrotet får ein større radius og flytter då noko austover.
- Nytt kryss inn mot steinbrotet tilpassast vogntog
- Det etablerast nytt busstopp for sørgåande og nordgåande bussar saman med snuplass for buss på det som i gjeldande plan er sett av til næring sør for krysset Strondavegen/ Bjoanesvegen.

- Frå dette busstoppet etablerast fortau sørover til krysset Strondavegen/Buarhaug.
- Eksisterande gangsti/ barnetrakk ned mot Landakroken i søraust utbetrast. Deler av denne stien utformast som trapp.

Eksisterande snuplass for buss er vist i reguleringsplan ID 201200014. I denne planen skal snuplassen samstundes vere tilkomst for bustadområdet med to avkøyringar ut frå snuplassen. Denne situasjonen skal forenklast, snuplassen avviklast og nytt samla kryss som avkøyring frå dette planområdet til Strondavegen takast inn i planen.

Næring og mineralutvinning: I området har det vore drive pukkverk i ein årrekke. Den nordvestre delen av området er for ein stor del ferdig tatt ut. Lengst i nord er ein smal stripe som inngår i det det nå er gjeve driftskonsesjon for. Planforslaget tar sikte på å finne ein deleline sørvest- nordaust kor den delen som ligg nord for dette området regulerast til næring, medan delen i sør regulerast til mineralutvinning. Avgjerande for kor denne lina skal gå er kor lang tid frametter ein ser for seg at mineralutvinninga skal vare. Området for næring vil få føresegnsonar der det skal tas ut stein før det kan etablerast næring. Området for mineralutvinning vil tilsvarande få føresegnsonar der det gjevast føresegn om etterbruk. Driftskonsesjonen tek utgangspunkt i tilbakeføring til LNF, men opnar òg for annan etterbruk gjennom reguleringsplan.
Planen vil òg ha eit område aust for området for mineralutvinning som setjast av til LNFR.
Avgrensing

Plangrensen er ført langt nok mot sør og nord til å ta med nødvendige frisiktsoner langs Strondavegen. Langsetter vegen er det satt av eit fem meter belte på båe sider for rigg i anleggstida. Av dette skal minst to meter nyttast til anna vegareal, teknisk infrastruktur.
I aust er plangrensa ført ut til eigedomsgrensa for 199/6.
Planen omfattar òg endringar i industriområdet Bjoaneset sør i reguleringsplan 19870001. Heile industriområdet er teke med innan plangrensa for å sikra rett opparbeiding av infrastruktur.

Viktige utgreiingar
Behov for konsekvensutgreiing er vurdert i høve til konsekvensutgreiingsforskrifta.
1. Steinbrotet
Det skal takast ut samla 9 000 m3 stein frå et areal på 22,2 daa. Konsesjonen gjeld 38DAA, men i dette arealet inngår òg områder for støyskjerming, lagring av massar, og drift av knuseverksemda. Dette er langt lågare enn grensa i vedlegg 1 til konsekvensutgreiingsforskrifta 2 000 000 m3 stein, eller eit areal på meir enn 200 daa. Det løyser då ikkje ut krav om konsekvensutgreiing etter §6.
Uttaket skal då handsamas under § 8, og det skal gjerast ein vurdering etter reglane i kapittel 3 om planen gjer vesentlege verknader for miljø eller samfunn. Etter ein slik vurdering, og ut frå drøftingar i driftskonsesjonen for tiltaket, kjem kommunen til at det ikkje er krav om konsekvensutgreiing etter §8.
2. Omarbeiding av Strondavegen
Merknad frå statens vegvesen til søknad om driftskonsesjon for mineraluttaket påpeikar at søknaden manglar vurderingar kring transportbehovet for verksemda, ut over ein kort merknad om at transportbehovet ikkje blir vesentleg utvida ut frå dagens behov. Trafikken burde vore tallfesta, og det gjevast råd om at det utarbeidast ein reguleringsplan, eventuelt med konsekvensutgreiing.
Omarbeidinga av vegen er tiltak der KU etter §8 i forskrifta skal vurderast, jfr. vedlegg II nr. 10 e, i. Denne delen av planen er tiltak eigna for trafikksikring. Retting av vegen for betre siktliner, etablering av fortau og forbetring av avkøyringar er i seg sjølve ikkje tiltak som etter kommunens skjønn utløysar krav om konsekvensutgreiing etter §8. Kunnskapsgrunnlaget for transportbehov til masseuttak og næringsområde bør forbetrast og talfestast.
3, Utviding av industriområde Bjoaneset
Utviding av industriområdet Bjoaneset skal vurderast etter §8 i KU -forskrifta, jamfør vedlegg II 10 a).
I gjeldande kommuneplan er området avsett til LNF. I gjeldande reguleringsplan er det parkbelte i industriområde. Då parkbeltet grensar til LNF-område, nytta som friluftsområde i nordb dannar dette forsvarleg buffer mot bustadområde i nord.
I høyringsutkast til rullering av KPA er området føreslege som utviding av eksisterande industriområde, til erstatning for eit område langs Skjeltnavika i sør, som forutsetjast gjort om til LNF- område.
Utvidinga utgjer om lag 16 DAA. Tilkomst og infrastruktur er allereie sikra og opparbeida. Området vil ha ein strandline på om lag 47 meter. Det må i planen gjerast nærare reie for fylgjer for natur og strandline innafor området. Då tilkomst til det utvida næringsområdet går forbi bustader, bør forventa transportbehov talfestast. Etter ein samla vurdering av kriteria i §10 i forskrifta ser ikkje kommunen at området må konsekvensutgreiast.
1. Kunnskapsgrunnlag og ROS Trafikkanalyse som syner forventa transportbehov for mineraluttak og næringsområde
- VA rammeplan med særleg vekt på overvasshandtering av mineraluttak, næring og veganlegg
- Kartlegging av rørt natur i nye område
- Strandsonevurdering for utvida industriområde
- Stadsanalyse med særleg vurdering av estetisk verknad for landskapsrom og vurdering av plassering og målpunktanalyse i høve til senterstruktur
- ROS- analyse med særleg vekt på tema Trafikksikring
- Støybelasting frå mineralutvinning, steinknusing, transport og næring
- Støvbelasting frå steinknusing
- Risiko for ulykker frå drift og transport
- Utvida naturfare ras og flaum som fylgje av drifta v råstoffutvinning
2. Omsynssoner for grunneigarfinansiering av infrastruktur
Det varslast om at omsynssoner for grunneigarfinansiering av infrastruktur, jamfør plan og bygningslova kapittel 12A kan bli vurdert for delar av planen.
Saksdokument og merknader
Eventuelle synspunkt på planen skal sendast skriftleg til post@kvinnherad.kommune.no innan frist 17.12.2025
Sist oppdatert
