Høyring og offentleg ettersyn av detaljplan, konsesjonspliktige
endringar og søknad om ekspropriasjon for ny 132
kV kraftleidning Storbjørnlistølen - Tysse

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) mottok 19.09.2025 detaljplan frå Fagne AS for ny 132 kV kraftleidning mellom Storbjørnlistølen og Tysse i Etne og Kvinnherad kommunar i Vestland fylke. I tillegg søkjer Fagne om konsesjonspliktige endringar og ekspropriasjonsløyve.

Alt dette vert no send på høyring og offentleg ettersyn, og me ber om at de sender oss merknader til planen seinast 10. desember 2025. Me ber om at kommunane legg ut dokumenta til offentleg ettersyn. NVE vil kunngjera høyringa og utlegging til offentleg ettersyn i aktuelle avisar.

Bakgrunn

Fagne fekk 10.07.2023 anleggskonsesjon og oreigningsløyve for den 11 kilometer lange 132 kV kraftleidningen Storbjørnlistølen–Tysse i Kvinnherad og Etne kommunar. Leidningsstrekninga er ein del av 66 kV Blåfalli III–Rullestad, som fekk løyve i 2016. Resten av den tidlegare konsesjonsgjevne leidninga vil ikkje verte bygd.

NVE gav samstundes løyve til Tysse transformatorstasjon og Storbjørnlistølen koplingsstasjon. Grunngjevinga for vedtaket var at det er naudsynt å byggje anlegga for å tilknytte planlagd kraftproduksjon i området.

Fagne har no sendt inn detaljplan for anlegga, i tillegg til søknad om konsesjonspliktige endringar og ny søknad om ekspropriasjon for heile leidningen, transport og riggplassar.

Kva inneheld detaljplanen?

Eit av krava i anleggskonsesjonen er at Fagne skal utarbeide ein detaljplan. Ein detaljplan er ein plan for korleis Fagne skal byggje anlegget for å oppfylle krava i konsesjonen.

Detaljplanen skal også konkretisere korleis anlegget skal byggjast og drivast slik at miljø og landskap vert vareteke best mogleg. Konsesjonæren skal ha utarbeidd planen i kontakt med kommunane, grunneigarar og andre rettshavarar.

Detaljplanen må vere godkjend av NVE før anleggsarbeidet kan starte. Det er denne planen me no har på høyring. Dokumenta er tilgjengelege på NVE si nettside: www.nve.no/4880/A Lenke til et annet nettsted.

Kva er dei konsesjonspliktige endringane?

Fagne søkjer om tre endringar på dei konsesjonsgjevne anlegga:

  • Endra løysing for koplingsstasjonen på Storbjørnlistølen. I staden for å byggje eit bygg med gassisolert koplingsanlegg søkjer dei no om å etablere brytarar i leidningsmastene. Endringa inneberer også ei justering av leidningstraseen i området.
  • Endra trasé for 132 kV leidningen mellom mastepunkt 40 og 43.
  • Flytting av endemasta ved Tysse og justering av jordkabeltrasé mellom endemasta og stasjonen.

Kva søkjast ekspropriert?

Fagne søkjer om løyve til oreigning av:

  • Naudsynte rettar for etablering av ny 132 kV kraftleidning mellom Storbjørnlistølen og Tysse
  • Rettar til transport
  • Riggplassar

Konsesjonsspørsmålet er ikkje på høyring

Løyvet til å byggje leidningen vart gitt i NVE sitt vedtak datert 10.07.2023. Då konsesjonssaka vart behandla, var konsesjonssøknaden på offentleg høyring. Sjølve spørsmålet om det skal gjevast konsesjon, er derfor ikkje på høyring no. Det er detaljplanen for anlegget, endringar og søknad om ekspropriasjon me ynskjer innspel til.

Konsesjonæren må varsle grunneigarar og rettshavarar om høyringa

Me vil i eige brev til Fagne orientere om korleis grunneigarar og rettshavarar skal varslast om høyringa.

Fagne har ansvaret for å avklare privatrettslege forhold med rettshavarar og for å innhente nødvendige løyve etter andre lovverk.

Kva ønskjer me tilbakemelding på frå høyringspartane?

Me ønskjer tilbakemeldingar frå høyringspartane på den vedlagde detaljplanen. I denne høyringa ber me også om innspel på endringar av tiltaket som ikkje har vore belyst gjennom konsesjonsprosessen. Dette er omtalt som konsesjonspliktige endringar over. I tillegg ønskjer me eventuelle tilbakemeldingar som gjeld søknad om ekspropriasjon.

Nedanfor har me lista opp nokre tema me ønskjer at de gir tilbakemeldingar på. Kommenter gjerne også andre aktuelle tema innanfor forvaltningsområdet dykkar.

Etne og Kvinnherad kommunar: Ny/endra arealbruk som ikkje er avklart i konsesjonsprosessen.

Statsforvaltaren i Vestland: Særleg forhold knytt til trua og sårbare artar.

Vestland fylkeskommune: Omsynet til kulturminne i tilknyting til planområdet som ikkje er avklart i konsesjonen. Omsynet til friluftsliv, forvaltningsplanar og forholdet til andre regionale planar.

Grunneigarar/rettshavarar: mellombels arealinngrep, køyrespor, mastepunkt osv.

Forholdet til plan- og bygningslova

Energianlegg med konsesjon etter energilova er unnateke frå byggjesaksbehandling etter plan- og bygningslova.1

Fristen for fråsegn

Me ber om at fråsegn til detaljplanen vert sendt til NVE innan 10. desember 2025. Send inn fråsegn på ein av desse måtane:

▪ NVEs nettsider: www.nve.no/4880/A Lenke til et annet nettsted..

▪ e-post til nve@nve.no

▪ brev til NVE, postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO

Merk e-posten/brevet med «Fråsegn» og saksnummer 202514443 i emnefeltet, og oppgje namn i innleiinga. Om du du representerer ei verksemd må du også oppgje organisasjonsnummer.

NVE fører tilsyn med anleggsarbeidet

Bygginga av anlegget er underlagd offentleg tilsyn, og NVE vil føre tilsyn med at arbeida skjer i samsvar med konsesjonsvilkåra og med godkjende planar. Me vil også følgje opp at anleggsområda vert forsvarleg rydda og sett i stand. NVE kan gjennomføre inspeksjon for å kontrollere at anleggsarbeidet og sluttresultatet er i samsvar med konsesjonen og den godkjende detaljplanen. Me ønskjer eit godt samarbeid med kommunane og vil eventuelt invitere kommunane til å delta på desse inspeksjonane.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay