Varsel om oppstart av planarbeid med planprogram - Rullering av kommunedelplan for vassforsyning og avløp 2026 - 2034

Kvinnherad kommune varslar oppstart av planarbeid for rullering av kommunedelplan for vassforsyning og avløp 2026-2033 jf. plan- og bygningslova (pbl) § 11-1. Planprogram vert samstundes lagt på høyring og offentleg ettersyn jf. vedtak i plan-, teknikk- og miljøutvalet 14.10.2025 i sak 2025/39.

Frist for innspel til oppstart er 17.12.2025.

Planstatus: Oppstart og høyring/offentleg ettersyn av planprogram

Plantype: Kommunedelplan (tematisk) jf. pbl § 11-1

Forslagstillar: Kvinnherad kommune

Konsulent: Norconsult AS

Saksnummer: 2025/694

Føremål

Kommunedelplanen skal fastsetje dei overordna rammer kva for nokre tiltak knyt til vassforsyning og avløp som skal prioriterast i planperioden frå 2026 til 2033 i Kvinnherad. Det vil til dømes vera tiltak knytt til spreidd avløp. Gebyrordningar er vidare omfatta av planarbeidet.

Føremålet med rullering av kommunedelplanen er vidare å sikre oppfølging av gjeldande lovverk og EU-direktiv som gjev føringar for vatn og avløp.

Det er vurdert at kommunedelplanen utløyser krav om konsekvensutgreiing jf. Forskrift om konsekvensutredninger §§ 6-10 dersom planarbeidet skal fastsetje lokalisering for reinseanlegg for spillvatn.

Planarbeidet er forankra i gjeldande planstrategi for Kvinnherad kommune 2024-2028.

Les meir om planarbeidet i planprogrammet her pdf, 343 kB, åpnes i nytt vindu.:

Planprosess

Planprogrammet som no er på høyring og offentleg ettersyn gir ein oversikt over det vidare planarbeidet for rullering av kommunedelplanen. Du kan påverke planarbeidet ved å sende innspel til oppstart av planarbeidet.

Etter at frist for innspel er utgått vil kommunen handsame innkomne innspel, før planprogrammet vert klargjort for vedtak i kommunestyret.

Det vidare planarbeidet vil byggje vidare på planprogrammet, og planforslag til kommunedelplan vil sendast på høyring og offentleg ettersyn for vidare medverknad. Deretter vert planforslaget revidert før endeleg vedtak i kommunestyret.

Innspel til planarbeidet

For å medverke i planarbeidet kan du sende inn innspel til kommunen innan frist 17.12.2025.

Innspel kan sendast til post@kvinnherad.kommune.no.

Legg inn følgjande tekst i emne i e-post: Innspel -Kommunedelplan for vassforsyning og avløp 2026-2033. Oppgje deretter saksnummer i e-post: 2025/694.

Innspel kan alternativt sendast som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Informasjonsmøte

Kvinnherad kommune inviterer til informasjonsmøte 05.11.2025 kl. 15:00 i Black Box på Kvinnherad kulturskule, og det vert høve til å stille spørsmål om planarbeidet.

Spørsmål

Ta kontakt med Eining for Vatn og avløp ved spørsmål.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay