Høyringsbrev - Ny forskrift om skulekrinsar i Kvinnherad kommune
Kvinnherad kommune sender med dette framlegg til ny forskrift om skulekrinsar i Kvinnherad kommune. Dette i tråd med fvl. § 37. Høyringsperioden er sett til åtte veker.
Høyringsinstansar er rådsorgana i barnehagar og skular, tilsette og andre som har interesse i saka.
Frist for å gi høyringsuttalar er sett til 10.11.25.
Bakgrunn
Gjeldande forskrift om skulekrinsar vart vedteke i samband med Kommunedelplan for skulebruk 2016 – 2028 vedteken av Kvinnherad kommunestyre 17.12.2015.
Forskrifta bygger på nasjonalt lovverk og retningsliner, i tillegg til lokale saksbehandlingsrutinar.
Innhald
Det er vedteke endringar i skulestruktur sidan 2015 som ikkje er justert i forhold til skulekrinsgrensene, dette blir no justert. Endringane dette gjeld er nedlegging av skulane Mauranger, Skarveland, Brekke og Trå, i tillegg til at Åkra skule ikkje lenger er kombinert barne- og ungdomsskule.
Noverande forskrift er ikkje rettsleg oppdatert i forhold til gjeldande lovverk. I tillegg er forskrifta noko omstendeleg med rettleiande tekst. Ny forskrift skal vere meir tydeleg på kva ein har av rettar og pliktar.
Forskrifta gjeld for alle elevar i grunnskulepliktig alder som har bustadadresse i Kvinnherad kommune. Forskrifta skal ivareta elevanes rett til å gå på ein skule i nærmiljøet og sikre forutsigbarheit og likebehandling ved tildeling av skuleplass i Kvinnherad kommune. Forskrifta skal også gi informasjon om skulanes opptaksområder og reglar om skulebyte innan kommunen.
Høyringa
Høyringa skal gi moglegheit for foreldre, føresette, barn og unge til å seie si meining.
Alle kan sende inn høyringsuttale. Ei uttale kan vere privat, eller ei samla uttale frå t.d. rådsorgan som FAU, elevråd eller liknande.
Dersom det er ønskeleg å lese meir om bakgrunn for revideringa, kan dette vere nyttige lenkjer:
- Sak i Levekårsutvalet 11.09.2025, lenke til møtet her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Noverande forskrift om skulekrinsar her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Høyringsbrevet vert sendt til leiinga ved alle barnehagar og skular og hovudtillitsvalte
Vi ber om at barnehage- og skuleleiinga og tillitsvalt formidlar høyringsbrevet vidare til rådsorgan (FAU, SU, elevråd) og plasstillitsvalt og tilsette i eiga eining.
Innsending av høyringssvar
Høyringsuttalar skal sendast til post@kvinnherad.kommune.no
Merk: Forskrift om skulekrinsar i Kvinnherad kommune
Frist for innsending: 10.11.25
Høyringsuttalane er offentlege etter offentleglova, og vil bli publisert på Kvinnherad kommune si postliste.
Oppfølging av høyringa
Forslag til ny forskrift om skulekrinsar vert gitt til Levekårsutvalet 02.12.25. Etter vedtak i Kvinnherad kommunestyre vil ny forskrift vere gjeldande straks.
Sektor oppvekst
15.09.25
Sist oppdatert
