Varsel om oppstart av planarbeid og planprogram på høyring - Detaljregulering for Årsnes Industriområde, 81/211 m. fl. PlanID 20210005

Figur 1 Utsnitt frå gjeldande reguleringsplanar i området:PlanID 19910002 i nord, planID 20040013 i midten, og planID 20130003 i sør. Nytt planområdet er synt med oransje stipla linje.
Det er stor etterspørsel etter næringsareal til sjø i regionen. Det er ønske om å etablere ei klynge med havbruksaktørar i området, og elles industri som er komplementær til Årsnes sør. Området kan òg vera aktuelt i høve riggplass for større kraftutbygging, lagerhall etc. I tillegg er det mange aktørar som har vore i kontakt med kommunen om høve til etablering her, tilknytt djupvasskai, lager-/logistikk-operasjonar, entreprenørverksemder, riggområde og resirkuleringsanlegg for byggmateriale.
Store deler av næringsarealet sør for Årsneselva er allereie sprengt ut og planert. Det er berre ein mindre del i nord, mot elva, som ikkje er opparbeidd. Dersom ein tek utgangspunkt i eksisterande byggegrop, gir det samla potensial for i overkant av 20 daa næringsføremål. Dette gir moglegheit for fleire mindre tomter eller nokre større tomter.
Arealet nord for elva er ikkje opparbeida i dag og består i hovudsak av skog. Det er potensiale for å etablere næringsføremål lengst oppe ved fv. 500. Ei full utnytting av dette området kunne ha gjeve potensielt i overkant av 4 daa næringsområde. Dette dersom ein legg til grunn 9,4 meter byggegrense i frå senterlinje på fv. 500.
Vestland fylkeskommune har likevel signalisert at dette er for liten avstand, noko som vil medføre eit mindre areal enn 4 daa. Forslagsstillar meiner ein bør vurdere om arealet er eigna for handsaming og deponi av massar/mellomlagring av massar.
Forslagsstillar ønskjer òg å etablere ein djupvasskai i planområdet, som bør ha min. djupne på 8 meter. Det er på det meste i overkant av 30 meter frå dagens utfyllingslinje til denne djupna, som gir potensiale for godt og stort bakareal for leveransar og manøvrering på kaien. Den kan potensielt kunne etablerast med ein del utfylling i sjø og resterande lengde med påling.
Kaiareal med 8 meter djupne kan potensielt gi om lag 150 kaimeter. Lengde og plassering av kai må ein jobbe vidare med i reguleringsplanfase. Forslagsstillar legg til grunn at piren knytt til ferjeleiet ligg fast og at denne ikkje kan rørast. Kaien bør kunne nyttast for alle eigedomane på næringsområdet, samt for eksterne leveransar/bruk. Eksisterande hamn i nord er planlagt vidareført som småbåthamn for t.d. arbeidsbåtar.
Avgrensing av planområdet
Planområdet er avgrensa med bakgrunn i behov for næringsareal og hamneområde, areal for infrastruktur og parkering. Planområdet skal inkludera tilkomst fram til offentleg veg. Planområdet er om lag 93,5 daa stort, og omfattar eigedomane; 69/1, 70/6, 81/206, 81/211, 85/17, 85/42, 85/44, 85/45, 85/46, 85/47 og 85/48.
Kvinnherad kommune eig eigedom; 70/6, 81/211 og 85/44, og Vestland fylkeskommune eig eigedom 81/206 og 85/42.
Resterande eigedomar er i privat eige. Det er fleire relevante hefter på eigedomane, m.a.; rettar knytt til kraftlinjer, jordkabel/jordkabelanlegg og nettstasjon, samt rettar knytt til veg, vatn og avløp.
Sjå planavgrensing her:
Årsnes industriområde
Konsekvensutgreiing og viktige tema
Det er vurdert at planen vil utløyse krav om konsekvensutgreiing etter KU-forskrifta, og der ein etter ei samla vurdering kjem til at planen fell inn under konsekvensforskrifta § 6b, planar og tiltak som alltid skal konsekvensutgreiast og ha planprogram eller melding. Følgjande tema er vurdert relevante å konsekvensutgreie etter KU-tema:
- Naturmangfald på land og ev. i sjø (innhenting av ny kunnskap)
- Landskap
- Samferdsle
- Ferdsle på sjø, inkl. ferjetrafikk
Andre aktuelle fagtema som friluftsliv, kulturminne og kulturmiljø, fiskeriinteresser og ROS-analyse etc. vil verte del av planomtalen, jf. pbl. §§ 4-2 og 4-3. Det vil avklarast potensiale for nye funn av kulturminne og kulturmiljø som del av planarbeidet, samt nye kartleggingar av naturmangfald. Alternativ lokalisering skal vurderast i planen.
Basert på gjennomført forprosjekt vil reguleringsplanarbeidet blir gjennomført med følgjande føringar, og der ein skal jobbe vidare med:
- Skisseløysing trafikk: Alternativ 0+
- Utvikling av areal nord for Årsneselva
- Bygningsmasse- og høgder
- Lengde, areal og plassering av djupvasskai
- Vatn, avløp, overvatn, straum
- Landskapstilpassing, ivaretaking av Årsneselva, høgspent
Om innspel
Eventuelle innspel til planarbeidet, eller merknadar til planprogrammet, skal sendast skriftleg innan fristen 05.09.2025 til:
Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no
Vidare arbeid
Etter at fristen for innspel er gått ut, vil forslagsstillar få utarbeida eit planframlegg som inneheld planomtale med ROS og KU, plankart og føresegner. Etter 1. gangsbehandling vert planframlegget sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil også då vera høve til å koma med merknadar til planframlegget, dette før ny politisk behandling av planforslaget og endeleg planvedtak.
Ta kontakt ved spørsmål:
anne.lise.nes@kvinnherad.kommune.no
Spørsmål kan også rettast til ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Pb. 32, 5401 Stord v/haga@abo-ark.no
Sist oppdatert