Offentleg ettersyn - Detaljregulering for Lundsbakkane gang- og sykkelveg
Plan- teknikk- og miljøutvalet i Kvinnherad vedtok 11.03.2025, sak 2025/10, at forslag til detaljregulering for Lundsbakkane gang- og sykkelveg, 95/3 m.fl., PlanID 20200006, vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Dette på gjevne vilkår.
Det er føresett å oppheve delar av følgjande 3 planar når reguleringsplanen vert vedteken:
PlanID 19770001 Seim - Lundsmarka 2
PlanID 19770003 Fitjaåsen - Omvikedalen
PlanID 19980002 Dimmelsvik forretningssenter
Kvinnherad kommune er forslagsstillar for planen og plankonsulent er Norconsult Norge AS.
Om planprosessen
Oppstart av planarbeidet vart varsla den 23.10.2020, med innspelsfrist 27.11.2020, og informasjonsmøte vart halde 29.10.2020.
Plangrensa vart utvida noko i planprosessen, og varsel om utvida plangrense vart mellom anna kunngjort 25.02.2022.
Føremålet med planen er å etablere gang- og sykkelveg frå bensinstasjonen ved Vågaberget til krysset ved Fetvegen i Dimmelsvik. Ein vil betre trafikksituasjonen og trafikktryggleiken, spesielt for skuleelevar, men og andre gåande og syklande langs Omvikdalsvegen.
Strekket utgjer om lag 1 km.
I samband med dette arbeidet så har ein sett behovet for å byggje ny bru, og dette medfører at fylkesvegen må flyttast noko mot sjø. Ny bru er planlagt plassert høgare enn dagens bru, og med riving av eksisterande bru, vil risikoen for flaumskadar verta redusert.
Vegen er frå Vågaberget (bensinstasjonen) planlagt utforma i tråd med vegklasse Hø2, dimensjonert for 60 km/t. Det betyr to køyrefelt på 3,0 meter breidde, samt gang- og sykkelveg på 3,0 meter. Ein grøn rabatt på 1,5 meter skil mjuke trafikantar frå biltrafikken.
Inn mot tettstaden Dimmelsvik er vegen utforma som ei gate, og dimensjonert for 50 km/t.
Det betyr 3,0 meter breidde på fortauet som før, og med same breidde på dei to køyrefelta. Her er vegskuldrane likevel mindre, og det er ingen grøn rabatt mellom trafikantgruppene.
Det er interessekonflikt mellom to viktige samfunnsinteresser. Føremålet med trafikksikring med ny gang- og sykkelveg er vekta tyngst i vurderingane, framfor behovet for å ta vare på matjorda.
Detaljregulering Lundsbakkane gang- og sykkelveg, 95/3 m.fl
Plandokumenta med vedtak og vedlegg finn de i planregisteret vårt her:
https://www.arealplaner.no/4617/arealplaner/339 Lenke til et annet nettsted.
Frist for merknadar til planforslaget er minst 6 veker, og vert sett til 15.05.2025.
Lenkje til skjema for merknad finn de her Lenke til et annet nettsted..
Merknad kan også sendast som e-post til; post@kvinnherad.kommune.no
eller som brev til; Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.
Ta kontakt ved spørsmål: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no

Sjå plankart for Lundsbakkane gang- og sykkelveg.
Sist oppdatert