Kunngjering av vedtak - Detaljregulering for del av 131/4 og 123/13 - Turistanlegg - Uskedalen
Kvinnherad kommunestyre eigengodkjente 20.06.2024 forslag til detaljregulering for del av gnr. 131/4 og 123/13, Turistanlegg- Uskedalen, planID 20220004. Føresegner er datert 21.02.2024, plankart og planskildring er datert 12.12.2023.
Avgrensa til det området der dei to planane dekker same areal, vart Reguleringsplan for turistanlegg Uskedalen -131/2,4 og 123/13, planID 4617_20110010 oppheva.

Sjå vedteke plankart.
Kommunestyret si godkjenning kan påklagast til fylkesmannen i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Dette i samsvar med reglane i Forvaltningslova kapittel VI, og jf. Plan og bygningslova (pbl) § 1-9. Klagefristen er i utgangspunktet 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er kome fram til parten. I plansaker reknast dette å vera frå kunngjeringsdato. Sjå elles forvaltningslova § 29.
Detaljreguleringa vert no bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet. Me viser til grunneigar sin rett til å krev innløysing, jf. pbl § 15-2, samt til pbl § 15-3 om erstatning for tap ved reguleringsplan. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa. Vedtak, plankart, planomtale, føresegner, m.m. finn de i kommunen sitt planregister, sjå lenke: https://www.arealplaner.no/kvinnherad4617/arealplaner/353?term=2022 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Eventuell klage skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no
eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.
Ta kontakt ved spørsmål:
Rune Tyse Helland | rådgjevar sektor samfunnsutvikling
Mobil: +47 916 57 970
Sist oppdatert