Offentleg ettersyn: Detaljregulering for Vågsnes bustadområde, 81/36 m. fl. PlanID 20230005
Plan- teknikk- og miljøutvalet i Kvinnherad vedtok 21.01.2025, sak 2025/4, at forslag til detaljregulering for Vågsnes bustadområde, 81/36 m. fl, PlanID 20230005, vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Dette på gjevne vilkår.
Knut Thorvald Hatteberg er forslagsstillar for planen og plankonsulent er Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS.
Detaljregulering for Vågsnes bustadområde har som føremål å etablere eit nytt naust og utvide eksisterande kai i strandsona.
Plankart finn de her:
Vågsnes bustadområde
Sidan tiltaka utfordrar strandsonevernet er det stilt krav om å lage detaljregulering der det også vert lagt til rette for ålmenn tilkomst til sjø, med høve til rekreasjon for øvre bustader i planområdet. Det vert også lagt til rette for gjennomgang av planområdet for ålmenta gjennom ein blågrønstruktur.
At planen utfordrar strandsonevernet og er noko i strid med overordna plan, og utfordrar statlege føringar noko, utgjer hovudutfordringa.
Oppstart av planarbeidet vart varsla den 29.02.2024, med innspelsfrist 11.04.2024, og informasjonsmøte vart halde 14.03.2024.
Plandokumenta med vedtak og vedlegg finn de i planarkivet vårt her:
https://www.arealplaner.no/4617/arealplaner/364 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Frist for merknadar til planforslaget er minst 6 veker, og vert sett til 28.03.2025.
Lenkje til skjema for merknad finn de her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Merknad kan også sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no
eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.
Ta kontakt ved spørsmål: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no
Sist oppdatert