Kvinnherad kommunestyre eigengodkjente 18.02.2021, detaljregulering for fv. 500 Kroka-Sundal, 57/1 og 59/1 m. fl. PlanID 20180004.
Plankart og planskildring er datert 28.10.2020. Føresegner var datert 27.11.2020, men er justert med ny dato 18.02.2021 jf. vedtak.

Vedtaket vart gjort på følgjande vilkår:

  1. Tiltakshavar vurderer varslingssystem som risikoreduserande tiltak for varsling om mjuke trafikantar i tunnelen.
  2. Fartsreduserande tiltak gjennom Sundal vurderast ved rullering av trafikksikringsplanen.
  3. Planforslaget legg ikkje til rette for ei trafikksikker løysing for mjuke trafikkantar på strekninga Musskjerneset-Sundal.  Hordaland fylkeskommune skal saman med Kvinnherad kommune søkje løysingar for utfylling av overskotsstein på denne strekninga. Ny fylling skal kunne gje gåande eit reelt alternativ til å ferdast i vegbana på kort sikt og leggje grunnlag for ein framtidig g/s-veg. 

Mindre teknisk justeringar av plankartet kan utførast administrativt når planen er endeleg vedtatt.
Rettshavarar og naboar skal underrettast i samsvar med reglane, og planen skal kunngjerast i lokalpressa og i kommunen sine elektroniske medium.
Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades.

Til første avsnitt i føresegnene sin § 2.4 vert lagt til ein setning om at overskotsmassar kan nyttast til godkjende tiltak utanfor planområdet slik:

§ 2.4      Masse- og avfallshandtering  Overskotsmassar i utbyggingsområde skal så langt som mogleg brukast på staden, til dømes til istandsetting og tilarbeiding av terrenget. Utbyggingsområda må planleggast og utviklast slik at behovet for å transportere bort masser blir minst mogleg. Overskotsmassar kan også nyttast til godkjende tiltak utanfor planområdet for å unngå deponering.
Plankartet er mindre justert slik at kommunenummeret no er rett, og føresegn § 2.4 er justert jf. vedtaket.

Rettshavarar og naboar vert underretta i samsvar med reglane, og planen vert kunngjort i lokalpressa og i kommunen sine elektroniske medium.

Kommunestyret si godkjenning kan påklagast til fylkesmannen i Hordaland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Dette i samsvar med reglane i Forvaltningslova kapittel VI, og jf. Plan- og bygningslova (pbl) § 1-9.
Klagefristen er i utgangspunktet 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er kome fram til parten. Sjå elles forvaltningslova § 29.

Detaljreguleringa vert no bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet.
Me viser til grunneigar sin rett til å krev innløysing, jf. pbl § 15-2, samt til pbl § 15-3 om erstatning for tap ved reguleringsplan. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Plankart, planomtale, føresegner, vedtak m.m. finn de i kommunen sitt planregister, sjå lenke:
https://webhotel3.gisline.no/Webplan_4617/gl_planarkiv.aspx?planid=20180004

Eventuell klage skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Ta kontakt ved spørsmål: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no