Kunngjering av godkjent detaljreguleringsplan for del av 224/2 m.fl. - Hytteområde Bøvika - Borgundøy - Kjell Egil Sæbø m.fl. – PlanId. 20180007

I møte den 18.06.20, utvalssak 2020/83, har kommunestyret i Kvinnherad kommune, i medhold av

§12-12 i Plan- og bygningslova godkjent detaljreguleringsplan for del av 224/2 m.fl. - Hytteområde Bøvika - Borgundøy - Kjell Egil Sæbø m.fl. - PlanId 20180007.

Behandling i Kommunestyret den 18.06.2020

Forvaltningsutvalet si innstilling vart samrøystes vedteken.

Vedtak frå Kommunestyret den 18.06.2020

Kvinnherad kommunestyre godkjenner med heimel i plan- og bygningslova §12-12 at forslag til detaljplan for del av 224/2 m.fl. - Hytteområde Bøvika - Borgundøy, sist revidert den 30.03.20 blir godkjent under føresetnad at ein gjer følgjande endringar:

Byggjegrense mot sjøen skal tilførast under føresegner sin §2.6 og omtalast. Byggjegrense mot sjøen skal også visast på kartet under teiknforklaring og omtalast i planomtale under pkt. 8.10 Strandsone.

Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades.

Planen er revidert i.h.t. vedtaket.

 

Den endeleg reviderte reguleringsplanen er utlagt på Kvinnherad kommune sine heimesider. Kommunestyret si godkjenning av planen kan påklagast til fylkesmannen i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er på grunn av sumarferie ca. 6 veker frå denne kunngjeringa (t.o.m. 14.08.20). Kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplan kan påklagast, jf §1-9 i Plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet.

Det blir elles vist til grunneigarens rett til å krev innløysing, jf § 15-2 i Plan- og Bygningslova og erstatning for tap ved reguleringsplan , jf § 15-3 i Plan- og Bygningslova. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Ein kan finner alle dokumenter i saken i postliste til Kvinnherad kommune under: 2018/3294 doknr.: 31.