I møte den 22.10.20, utvalssak 2020/105, har kommunestyret i Kvinnherad kommune, i medhold av §12-12 i Plan- og bygningslova godkjent detaljplanendring for Rosendal sentrum for - 82/186 med fleire - Bustad og naust - Rosendal - Arild K. Steinsvik og Carine Klemmetsen - PlanID.: 20190008.

Behandling i Kommunestyret den 22.10.2020

Inhabil: Øyvind Lernes, H. (levert mrk. til planen/nabo). – innkalla vara: Andreas Tarberg, H.

Forvaltningsutvalet si innstilling vart vedteken med 33 mot 2 røyster (Hege L. Røssland og Silje H. Olsen, begge Sf).

 Vedtak frå Kommunestyret den 22.10.2020

Kvinnherad kommunestyre godkjenner med heimel i plan- og bygningslova §12-12 at forslag til detaljplan Rosendal sentrum for 82/186 med fleire - Bustad og naust - Rosendal, sist revidert den 09.09.20 blir godkjent under føresetnad at ein gjer følgjande endringar:

  • Tekstfeltet i plankartet skal rettast med aktuelle datoar og feilfri SOSI-fil skal sendast til Kvinnherad kommune.

Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades.

Den endeleg reviderte reguleringsplanen er kunngjort på Kvinnherad kommune sine heimesider.

Kommunestyret si godkjenning av planen kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland ( jf §1-9 i Plan- og

Bygningslova) av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er ca. 3 veker frå denne kunngjeringa (t.o.m. 11.12.20).

Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet.

Det blir elles vist til grunneigarens rett til å krev innløysing, jf § 15-2 i Plan- og Bygningslova og erstatning

for tap ved reguleringsplan , jf § 15-3 i Plan- og Bygningslova. Krav om erstatning for tap ved

reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Ein kan finner alle dokumenter i saken i postliste til Kvinnherad kommune under: 2019/2191 doknr.: 44.

Vedlegg