I møte den 29.04.21, utvalssak 2021/22, har kommunestyret i Kvinnherad kommune, i medhold av §12-12 i Plan- og bygningslova godkjent detaljplan for 199/7 med fleire – Hyttefelt Grunnavågen Nord - Halsnøy - PlanID.: 20180005.

Behandling i Kommunestyret den 29.04.2021

Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedteken.

 Vedtak frå Kommunestyret den 29.04.2021

Kvinnherad kommunestyre godkjenner med heimel i plan- og bygningslova §12-12 at forslag til detaljplan for 199/7 med fleire – Hyttefelt Grunnavågen Nord - Halsnøy - PlanID.: 20180005, sist revidert den 16.03.21 blir godkjent under føresetnad at ein gjer følgjande endringar:

  • Tekstfeltet i plankartet skal rettast med aktuelle datoar og feilfri SOSI-fil skal sendast til Kvinnherad kommune.

Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades.

 

Den endeleg reviderte reguleringsplanen er kunngjort på Kvinnherad kommune sine heimesider. Kommunestyret si godkjenning av planen kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland ( jf §1-9 i Plan- og Bygningslova) av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er ca. 3 veker frå denne kunngjeringa (t.o.m. 04.06.21).

Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet. Det blir elles vist til grunneigarens rett til å krev innløysing, jf § 15-2 i Plan- og Bygningslova og erstatning for tap ved reguleringsplan , jf § 15-3 i Plan- og Bygningslova. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Ein kan finner alle dokumenter i saken i postliste til Kvinnherad kommune under: 2018/2453 doknr.: 71.