I møte den 26.11.20, utvalssak 2020/122, har kommunestyret i Kvinnherad kommune, i medhold av §12-12 i Plan- og bygningslova godkjent detaljplanendring for 144/44, 144/55 m.fl. - bustader i Korggardsvika/ Bogsnes – Husnes – PlanID 20150001.

Behandling i Forvaltningsutvalet den 11.11.2020

Inhabil: Guttorm Røssland, H – nære pårørande som er del av saka.

Samrøystes erklært inhabil.

Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedteken.

Vedtak fråForvaltningsutvalet den 11.11.2020

Kvinnherad kommunestyre vedtek med heimel i plan- og bygningslova §12-12 at forslag til detaljreguleringsplan for 144/44, 144/55 m.fl. - bustader i Korggardsvika/ Bogsnes – Husnes – PlanID 20150001, sist revidert den 15.04.20 blir godkjent som den ligg føre.

Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades.

Kommunestyret si godkjenning av planen kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland ( jf §1-9 i Plan- og Bygningslova) av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er ca. 4 veker frå denne kunngjeringa (t.o.m. 14.01.21). Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet. Det blir elles vist til grunneigarens rett til å krev innløysing, jf § 15-2 i Plan- og Bygningslova og erstatning for tap ved reguleringsplan , jf § 15-3 i Plan- og Bygningslova. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Ein kan finner alle dokumenter i saken i postliste til Kvinnherad kommune under: 2014/2278 doknr.: 82.

VEDLEGG