Kvinnherad levekårsutval avgjorde dette i møte 18. november. I nominasjonen vart kandidaten skildra slik:

Sidan Mauricio Weimar (40) kom til Kvinnherad og starta som musikkskulelærar her, har han spreidd ein heilt unik læringsglede blant mange unge musikkinteresserte. Med hans genuine interesse for musikk, og sitt pedagogiske og smilande vesen, har han hjelpt mange unge til ikkje berre å kosa seg med musikken, men verkeleg til å bløma innanfor sine musikkfelt.

Kort tid etter at han kom hit, introduserte han kulturskulen og elevane for det afrikanske instrumentet Marimba, og har sidan den tid leia fram fleire entusiastiske og strålande dyktige Marimba-band. Desse har blitt lagt merke til både innanfor og utanfor kommunen, dei har delteke i både UKM og De unges festspillforestilling, samt fleire lokale konsertar. Dei er verkeleg eit fargerikt tilskot til Kvinnherad.

Men også mange andre ungdommar med andre instrument har fått bløma under Weimar som lærar. Han leiar rockeband, singelartistar med meir. Seinast no i 2020 er trommisen Johannes Rørvik Grov singeldeltakar i De Unges festspillforestilling, der nålauget er trongt. Johannes fekk internasjonal merksemd for eit par år sidan med videoen der han spelar seg gjennom alle Metallica sine album. Metallica sjølv roste ungguten. Lærar Weimar, som stod for videoen, kunne med rette vera stolt.
Weimar, som sjølv også spelar eit stort tal instrument, og har imponert internettet med sine mange kule musikkvideoar, har bidrege til å gjera kulturskulen til ein plass der musikkinteressert ungdom blir sett, blir følgd opp, blir sett pris på og får bløma under ein oppriktig interessert og engasjert musikklærar. Han utøver kultur for eiga hand, men gjer ikkje minst mykje for at kulturen vil ha gode kår i Kvinnherad i neste generasjon. Ein verdig prismottakar.

Mauricio Weimar vert invitert til arrangementet for felles utdeling av kulturstipend, kulturpris og frivilligpris med middag og gjester den 6. desember i år. Dersom smittesituasjonen i Kvinnherad tilseier det, vil ein vurdere å utsetje arrangementet til eit seinare tidspunkt.

Kulturprisen vart lyst ut i veke 40, med frist for innsending av forslag 1.11.2020. Det er levekårsutvalet som avgjer om kor vidt prisen skal delast ut kvart år, kven som skal få prisen og korleis han skal delast ut. Det kom inn sju forslag til kandidatar til kulturprisen Til grunn for tildelinga er innkomne nominasjonar til kulturprisen og retningsliner for tildeling av kulturprisen, vedtekne i Kvinnherad kommunestyre 05.07.1992, sist revidert i Levekårskomitèen 09.10.2017.