Har du eller nokon du kjenner kreft?
Kreftsjukepleiar er eit tilbod til deg som er pasient, i alle fasar av sjukdom, både du som er under utgreiing for sjukdom, og til deg som får behandling, har avslutta behandling, eller til deg som er ferdig behandla og skal tilbake til ein kvardag som frisk. Kreftsjukepleiar har og eit ansvar for å følgje opp pårørande.

Tilbod om kreftsjukepleiar er eit lågterskeltilbod. Du treng ikkje søknad eller tilvising.

Kva kan ein kreftsjukepleiar hjelpa med?
Kreftsjukepleiar kan ikkje løyse alle oppgåver, men har eit “sørge for ansvar” slik at tilbod og tenester til pasient og pårørande er samkøyrt, gjennomtenkt og i tråd med kva den enkelte har behov for;

  • Hjelp med å koordinera og legge til rette kvardagen
  • Sørga for at den enkelte får den hjelpa ein treng for å meistra kvardagen best mogleg
  • Informasjon om ulike tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorg
  • Støttesamtalar med både pasient og pårørande
  • Støttesamtalar for born og unge som anten er ramma av kreft eller som er pårørande av føresette eller søsken med kreft
  • Gje fagleg råd og vegleiing kring kosthald og ernæring eller symptom
  • Bidreg til å skaffe hjelpemidlar til heimen
  • Tverrfagleg samarbeid, eventuelt formidle kontakt med andre aktuelle samarbeidspartar
  • Vere eit bindeledd mellom pasient/pårørande og kommune- og spesialisthelsetenesta etter ynskje

Kreftsjukepleiarane er òg ein del av «Nettverk for ressurspersonar innan kreftomsorg og lindrande behandling».

Kontakt
Sone SØR
Wanda Eliassen Medhus, tlf. 952 47 506
Sone NORD
Marit Sjøvangen, tlf. 948 46 123.

Du kan òg be om å bli vist til kreftsjukepleiar gjennom fastlegen din, eller via kommunens koordinerande eining på rådhuset.

Les brosjyren vår her.